Wenche Myhre og Vamp var dei to mest spelte artistane i Ønskekonserten i 2005, medan ”You raise me up” var den songen som vart mest spelt. Mangfaldet var stort blant dei 556 songane som vart spelte i Ønskekonserten i fjor.
Evigunge Wenche Myhre og Vamp var begge ni gonger å høyre i Ønskekonserten i fjor. ”66 år” var Wenche sin mest populære song, medan Vamp var flest gonger å høyre med ” Tir n’a noir”.
Bjørn Eidsvåg, Ola Bremnes, Åge Aleksandersen og Sondre Bratland er og kjende artistar som Ønskekonsert-lyttarane gjerne høyrer igjen og igjen. Kvar av desse artistane var åtte gonger å høyre i Ønskekonserten i fjor.
Ingen "landeplage"
Ofte er det ein song og ein artist som ”alle” vil ha kvart år i Ønskekonserten. I 2004 var det Odd Nordstoga sin ”Kveldssong for deg og meg” og året før Kurt Nilsen med ” She's so high” . Nokon slik ”landeplage” var det ikkje i 2005. ”You raise me up” er ein gamal travar på Ønskekonserten som vart spelt seks gonger, framført av tre ulike utløvarar.
Vamp - mest spilte gruppe på Ønskekonserten i 2005. (Foto: Tor André Johannessen)
Dei neste songane på toppen av lista er og alle kjende og kjære songar i Ønskekonserten: ”66 år”, ”Bred dina vida vingar”, ”Det er makt i de foldede hender”, ”Blott en dag”, ”Dyrene i Afrika”, ”In my dreams” og ”Navnet Jesus blekner aldri”.
Variert repertoar
Totalt vart det spelt 556 songar i Ønskekonserten i 2005. Av desse vart 477 spelt berre ein gong og 450 artistar eller grupper var med berre ein gong. – Vi legg stor vekt på å setje saman eit variert repertoar ut frå ønskja til lyttarane, seier programleiar Helge Raftevold.
Josh Groban med ”You raise me up” mest spelte song på Ønskekonserten i 2005.
Ønskekonserten er flink til å spele norsk musikk med norsk tekst og heile 58 prosent av songane som ble spelt i 2005 var i denne gruppa. 25 prosent var engelsk og 8 prosent svensk, og Ønskekonserten fann og plass for songar på tysk, spansk og italiensk.
Sortert etter sjanger var pop, rock, lett og musikal den største med 66 prosent av songane. 12 prosent var kristne eller religiøse songar, 8 prosent barnesongar og fire prosent klassisk musikk.
Ønskekonserten er no inne i sitt 56. år og interessen for radioklassikaren er framleis stor. Når Ønskekonserten går på lufta i NRK P1 søndag ettermiddag gjer talet på lyttarar eit merkbart hopp oppover.
Dei mest spelte songane i Ønskekonserten 2005
6 gongar: You raise me up - Josh Groban (3)/Secret Garden m.fl. (2)/Westlife
5 gongar: 66 år (Wenche Myhre) - Bred dina vida vingar `(Carola (4)/Sissel Kyrkjebø)- Det er makt i de foldede hender (S. Dagsland (3)/M. J. Sæbø/M. Vestvik+O. Lie-Bjelland)
4 gongar: Blott en dag (5 staute/Kari Bremnes/Kai Robert/Minikoret) - Dyrene i Afrika (The Monn-Keys (2)/Per Asplin/Wenche Myhre)- In my dreams (Wig Wam) - Navnet Jesus blekner (Oslo gospelkor)
3 gongar: Blåveispiken (Kurt Foss+Reidar Bøe) - Det er makt i de foldede hender (Sigvart Dagsland) - Frösöminner (Asmund Bjørken) - Gje meg handa di (Sondre Bratland) - Nine million bicycles (Katie Melua) - O store Gud (M Bondevik/Sverre Moe/Johan Stengård) - Sangen til bygda (Anne-Marie Kvien)- Tir n’a noir (Vamp + Rita Eriksen) - Turistens klagan (Cornelis Vreeswijk)- Venn (div art) - Öppna landskap (Ulf Lundell)
Dei mest spelte artistane i Ønskekonserten 2005
9 gongar: Wenche Myhre - Vamp
8 gongar: Bjørn Eidsvåg - Ola Bremnes - Åge Aleksandersen - Sondre Bratland
6 gongar: Maj Britt Andersen - Kurt Foss+Reidar Bøe - Oslo gospelkor - Alf Prøysen - Ole Ivars