Vespa

På norsk heiter det veps, på engelsk heiter det wasp, på italiensk heiter det vespa. Kvifor byter somme lydar plass?

Veps
Foto: Hans Otto Bordvik / NRK

På norsk heiter det veps, på engelsk heiter det wasp, på italiensk heiter det vespa.Nokon seier kross og frikst, andre seier kors og frisk.
Kvifor byter somme lydar plass? Språkvitar Helge Dyvik forklarar fenomenet metatese.

Dannyboy

Dannyboy.

Foto: Sandra Mei Ling Noer

- Når hadde mat noe med språk å gjøre?
Rapparen Dannyboy frå Holmlia er lei av ordet kebabnorsk. Sjølv kallar han språket sitt dialekt. Men kvalifiserer hans norske variant til dialektstatus?
Språkforskar Bente Ailin Svendsen ser inn i glaskula, og trur ho skimtar svaret.

Diblar du? Det ferske verbet 'å dible' blei kokt fram ved Elvebakken videregående skole i Oslo. Elevane Ingrid Myhr og Frida Hambro Angell fortel oss kvifor.

Heiter det lapskaus i Italia òg? Ein lyttar undrar seg etter å ha møtt ei italiensk husmor. Sylfest Lomheim sit klar med ein bunke lyttarspørsmål.

Denne sendinga er eit gjenhøyr frå 18. oktober i fjor. Språkteigen i NRK P2, søndag 25/4 kl. 09.30 og mandag 26/4 kl. 23.30. Programleder er Gøril Grov Sørdal.

Språkteigen som podkast

Språkteigen på Twitter

Språkteigen på Facebook

Språkteigen i nettradio

Hør NRK P2 direkte