NRK Meny
Normal

Verdas mest populære

– Reiseradioen er det mest populære radioprogrammet i verda, slår  P1-sjef Tommy Hansen fast. Mykje omsnakka og rekordmange lyttarar.

Reiseradio-programledere 2007

Reiseradioens Alex Rosen jubler sammen med f v HC Andersen, Hanne Hoftun, Ragnhild Silkebækken, Alex Rosen, Hilde Wøhni Joakimsen, Geir Schau og Karin Wetlesen over rekordmange lyttere i sommer.

Foto: Christian Nilsen / NRK

Aldri før har Reiseradioen på NRK P1 skapt så mange sterke reaksjonar blant lyttarane som i år. Men heller aldri har like mange lytta til radioprogrammet. – Reiseradioen er det mest populære radioprogrammet i verda, seier P1-sjef Tommy Hansen.

11 000 fleire enn i 2006

I snitt lytta 999 000 personar til Reiseradioen kvar dag frå starten 9. juni til siste program 4. august. Dette er 11 000 fleire enn rekordåret 2006.

- Ein av fire nordmenn i alle aldrar lytta til Reiseradioen kvar dag. Vi hadde ein litt dårleg start dei tre første vekene i sommar. Derfor er snittalet for heile sommaren formidabelt, seier Hansen.

Mange reaksjonar

Samstundes som rekordmange har lytta på programmet, har også tilbakemeldingane og reaksjonane vore uvanleg mange.

- I tida mi som P1-sjef har vi aldri fått så mykje kjeft og kritikk for Reiseradioen som i år. Dei har kome i form av lesarinnlegg, oppslag i pressa og telefonar frå lyttarar. Publikum har særleg reagert på programleiinga til det tidlegare P3-radioparet Are og Odin, seier han.

Tar kritikken på alvor

P1-sjefen lukkar ikkje øyro for kritikken. - Vi skal no gjere ei ordentleg evaluering av Reiseradioen. Programmet er eit flaggskip for NRK P1. Det tyder at vi verken må endre det for mykje eller for lite, seier Tommy Hansen.

Samstundes med at Reiseradioen har hatt rekordmange lyttarar har også resten av NRK P1 hatt ein voldsom fin oppslutnad. - NRK er kanskje, kan hende med unnatak for nord-koreansk statsradio, den største radiokanalen i høve til folketalet i heile verda. Og når Reiseradioen er det mest populære programmet på P1 blir og Reiseradioen det mest populære radioprogrammet i verda.