Hopp til innhold

Veddemålet

Eg fann fram den store kjøkkenkniven og også ein hamar og gjekk mot senga – klokka var halv elleve og det var vel tid for å leggja seg….og prøve å sova….

Maleri av gården Brautemo

Maleri av sætera Brautemo der veddemålet utspant seg.

Foto: Privat

Dette postkortet er sendt inn av Torbjørn Rensel, Hallingdal

Ja det heile starta med eit veddemål . Mellom meg som snart fylte 13 år og bror min - han Arne - som nett var fylt 16. Foreldra våre var reist til Oslo for nokre dagar og det var bror min som skulle reisa opp på stølen kvar kveld for å få inn kyra, og mjølka dei både om kvelden og om morgonen og få dei ut på beite. Slik måtte han overnatte der i stølsbua. Åleine. I haustnettene.

Han fortalde oss mindre søskena at dette var ganske skummelt – stølen låg aleine inne i skogen om natta høyrde han mange forskjellinge lydar - ja det i det heile var ganske tøft å vera på stølen aleine i slike mørke haustkveldar……. Sa han..

5 kroner hvis du tør

”Det hadde du aldri klart ! ” sa han til meg ein dag – det kan eg vedda på!! Å jasså – sa eg ; det er vel ikkje noko å vera redd for!! ”Ok” sa han - ”eg veddar 5 kroner på at du aldri hadde klart å gjera det!!” Stølen låg 6 kilometer oppover mot fjellet – i skogen - inntil eit skogstjern –. Det var 2-4 andre stølar i nærleiken også, men no var det så seint på hausten at det var ingen på disse.

Eg var jo nesten tenåring – og søkte nye utfordringar. Dessutan var det denne dagen det heile starta slikt eit slikt strålande haustvær med blå himmel og blank sol som fekk alle haustfargane til å skine om kapp i alle sine nyansar…. Mens vi snakka om dette….. Men det skulle enda seg..

Motet sank

Eg gjekk litt og grunna på veddemålet og utfordringa….. Ok.. sa eg tilslutt – eg veddar 5 kroner i mot og reiser opp på stølen og blir der til i morgon – åleine!! Han Arne såg litt rart på meg – men så sa han.: Ja vel – no har du sagt det. Men det skal koste de 5 kroner om du trekker deg!! ”Og koste deg 5 kroner når eg har klart det – kvitterte eg. På 60 tallet var 5 kroner mykje pengar. Men pengane var ikkje det viktigaste – men derimot det å kunne klare det……

Mot kvelden var det ikke berre sola som gjekk ned mot horisonten – motet sank også mange hakk – men eg tok skulesekken på ryggen og pakka ting eg skulle ha med – og la i veg mot stølen - på sykkelen.

Merkeleg fort mørkt

Det var allereide sterk motvind og kalde regndråpar piska meg i ansiktet der eg sykla bakkane opp mot Brautemo. Der stod dei 5 kyra og nokre kalvar ved ved grinda og venta og dei var tydeleg glade for å koma seg inn under tak…

Mjølkinga i lyset frå parafinlampa som stod på ein fjøskrakk ved siden av meg – gikk greit. Det var ikkje så mykje mjølk i dei no mot hausten og etter halvannan time var eg klar til å bera mjølka ned til tjernet for avkjøling. Men det var blitt merkeleg fort mørkt – og eg måtte sjå meg godt for på den smale stien ned til vatnet.

Skummelt tjern

Parafinlampa som eg hadde i den eine handa - gav ikkje all verdens lys….. Og tjernet låg der – men det var ikkje blått og vakkert som om sommaren – nei no var det svart og heller skummelt. Og vinden tok tak i vassflata og gjorde denne til hissige store bølger der haustlauvet gjorde sitt beste for å koma seg mot land.

Hadde ikkje bror min fortalt om nøkken og andre skumle skapningar som han hadde sett her – no syntes eg at eg såg noko som bukta seg ute i vatnet eg og!!! Men eg fekk mjølka på plass og sprang inn i stølsbua – det fortaste eg kunne…..

Redselen tok meg

Redselen for noko eg ikkje rett visste kva var - hadde no allereie tatt tak i meg. Haustvinden hadde auka på og regnet piska mot det små enkle rutene på stølsbua. Gule og brune haustblad satte seg på disse små glasrutene og såg nesten ut som om det var auger som såg inn på meg…. Eg måtte få til noko varme - så eg la godt i peisen - og i vedovnen også; slik at eg kunne laga meg ein stor kopp med kakao. Nistepakka med ferskt brød og brunost kom fram og nett no eg syntest at dette gikk jo nokolunde fint…..

Men det varte ikkje så lenge. Sat eg ikkje her i lyset frå peisen og parafinlampa på bordet…– kva med om det stod nokon på utsida – dei kunne sjå inn for det var heller små gardiner.. og dei kunne lett finna ut at her var det berre ein gut på knapt 13 år som var åleine…. Og førre hausten hadde det vore innbrot i denne bua – då hadde nokon brote opp den store kista og tatt med seg 5 fiskegarn..!!

Kanskje tjuven – eller tjuvane - kom tilbake i kved for å stjela meir???

Sperra døra og fann fram kniv

Døra var alt låst – men det var ikkje nok med berre eit lås. Eg drog vedkassa og kjøkken bordet bort til døra – her skulle det ikke vera lett og koma inn nei!!!.

Eg la ikkje meir ved på peisen – og visste ikkje heilt om eg skulle la parafinlampa lyse… Jaudå – eg måtte berre innrømma at eg var mørkredd!!!!

Eg fann fram den store kjøkkenkniven og også ein hamar og gjekk mot senga – klokka var halv elleve og det var vel tid for å leggja seg….og prøve å sova….

Lysskyggar i mørket

Det skulle ikkje bli lett. Vinden auka på og eg høyde etterkvart noko som banka regelmessig i taket.. Skvatt med det same – men kom på etterkvart at bror min hadde sagt noko om et laust bord som vinden fekk tak i – og som lagde slike bankelydar. Så merka eg meg at nokre gonger då eg stakk hovudet utafor dyna – var det lysare i rommet enn andre gonger. Var det nokon som stod å lyste inn gjenom glaset?? Nei no var de mørkt heile tida så det var nok berre imbilding…

Eller var det det??- Eg lagde meg eit kikhol under dyna og såg tydeleg at lysskyggane flytta seg bortover på golvet – altså var det noko som lyste inn. Låg ei stund urørleg og grunna på kva kunne vera – inntil det heile vart oppklara. I det store glaset mot sør titta brått ein del av månen fram og det var altså lyset fra månen som hadde kome og gått – alt etter som dei mørke skyene hadde blåst over himmelkvelvingen….

Skritt på utsida!

Det vart ettkvart vindstille – og dermed heilt stille inne i stølsbua og. Det var slutta med både og blåse og regne. Berre metallklangen i vekkeklokka kunne høyrast der den lagde sin eigen melodi……litt opp og så ned og så opp igjen –og innimellom slapp fjøra seg litt laus – nesten som klokka rapa litt. Då skvatt eg til – ja for nervene, muskelane og heile kroppen var fortsatt i høgspenn der eg låg – fullt påkledd - hadde både den store kjøkkenkniven og hammaren innafor rekkevidde.

Det var då eg høyrde det….. SKRITTENE på utsida av stølsbua. Det VAR nokon der!!!! Eg høyrde det so tydeleg at det var nokon som gjekk i graset. So var det stille ei lang stund – men så høyrde eg skrittene endå ein gong. Og var det ikkje nokon som tok i dørhandtaket og!!!!!????

Min ende

Så skulle det altså ende slik – at eg skulle bli overfalt av nokon tuvar – kanskje dei kom til å putte meg i den store kista og låse att!! Eller kaste meg i det svarte kalde tjernet rett borti skogkanten her!! Eller kanskje det var denne Rottenikken som for rundt og tvinga folk med seg – og som levde rundt omkring i skogane på det han kunne finna og stjela…??? Eg tok ekstra godt tak i hammaren og kniven – her skulle eg ikkje gi meg utan kamp nei!!

Eg låg slik lenge. Minuttane vart til timar. Men etterkvart var det berre den montone metalliske lyden frå vekkeklokka som skar gjennom stilla i stølsbua. Kunne gjerne ha hivd heile klokka i veggen- men kunne ikke det av i allfall 2 grunnar : Då ville den – eller dei på utsida høyre at det var nokon her – og - eg måtte jo opp kokka halv sju i morgon for å mjølke kyra – og deretter rekke bussen til skulen klokka kvart på åtte…. Og for det tredje – ei kunne ikke øydeleggja noko med vjile…..

Fortsatt noen utafor

Eg må tilslutt ha sovna – det siste eg hugsa var at det tok til å bli lysare ute – og det var ikkje berre månen som lyste opp denne gongen. Så sette denne hersens vekkeklokka i med nokon skrikande, bankande lydar som kunne få heile skogen til å vakna…. Eg spratt opp og med med den anspennte kroppen og delvis i søvne – slo eg likevel til vekkeklokka slik at den deisa i golvet… Då stilla hadde senka seg høyrde eg det tydeleg – det var nokon fortsatt utafor døra!! Men no var det blitt lyst og eg vågde meg bort til glaset og titta forsiktig ut…..

Det var då en såg han stod der – og augo våre møttest på ein måte der han sa at no var det på tide å stå opp. Eg treiv vekk vedkassa og kjøkkenbordet og storma ut. Jasså står du her du din forbaska idiot sa eg. Ja det var det einaste eg fann på i farta. Han strakk seg mot meg og sa : MØØØØØØØØØØØØØØØØØØØ!!

Søkte ly

Ja det var nett det det var. Oksekalven som eg nok i farta ikkje hadde fått inn i fjøset. Så hadde han søkt ly inntil buaveggen. Eg såg vel der han hadde liggi inntil stølsbua – fordi ein rimfrost hadde lagt seg alle andre stader på stølsvollen…

Eg fekk mjølka kyrene – og rakk skulebussen. Om eg var trøytt på skulen dagen etter?? Jau eg var nok det. Men eg sa ikkje til nokon kvifor. Kunne vel ikke fortelja det at eg ikkje hadde fått sova fordi eg var redd ein oksekalv??

Og heller ikke at eg hadde vore budeie – slikt var jo kvinnfolkarbeid på denne tida!!

Vann veddemålet

Men veddemålet vant eg – og sanneleg; den dag i dag meiner eg at pengane var vel fortjena.

Og i tillegg har eg hatt ei god histore å fortjelja til mine barn . Gong på gong har dei spurt meg… : Pappa kan du ikke fortelle om den gangen da du lå alene på setra??

Og det har ikkje vore nei i min munn – og no har også dere som er Norgesglassets lyttarar….. fått fått eit postkort frå min barndom på ein fjellgard i Hallingdal..