Hopp til innhold

Uvanleg arbeid

I 1972 var eg heldig, og fekk meg jobb i Gambia.

Serrekunda, Gambia
Foto: Jolle Wik

Avsenderen for dette postkortet er Hans-Gunnar Skarstein fra Søreidgrend.

Jobben var som assistent for ornitologar og fugleforskarar frå Naturhistoriska Riksmuseet i Stockholm, i Serre Kunda, Gambia.

Ein draum

I eit halvt år skulle eg få oppfylt den største draumen i mitt liv, å få oppleve Afrika på nært hald og eg var overlukkeleg over å få bu og jobbe i den afrikanske litleputtstaten. Eg annonserte i den største avisa, The Nation, etter ein stad å bu og fekk fleire svar. Mellom andre frå læraren Kebba Toure.

Han var lærar ved Latri Kunda junior secondary school i Serre Kunda og ville gjerne at eg skulle få slå opp teltet mitt i hans hage. Han var ein spennande representant for afrikansk kultur og den muslimske trua.

Overtru

Sjølv om han var lærar i eit ungt, sjølvstendig land, som nett hadde rista kolonistlenkene av seg og orienterte seg mot resten av verda med full tyngde, var den unge og radikale læraren sterkt bunden av det vi gjerne kallar overtru og humbug. Som til dømes bruken av yoyoar, eller amulettar, mot alt frå skrantande helse til vern mot drukning, geværkuler eller slangebitt.

Også medisinmannen fekk gjennomgå i diskusjonane våre. Eg meinte han, meir enn nokon annan, burde ta ansvar for den oppvoksande slekta og syte for at den livsfarlige overtrua måtte få ein slutt. Vi diskuterte ofte og lenge, men var samde om å være usamde. Kvar einaste dag gjekk eg ut i bushen og fotograferte dyr og fuglar, til stor undring for Kebba, så vel som for resten av lokalbefolkninga som såg meg.

- Why you sneek close to a bird and shoot it with your camera, Tobabo Hansa (dette var namnet eg fekk av dei innfødde), as long as the bird is still flying? And you look happy?

Hugget

Det var akkurat så spennande og eksotisk som eg hadde drømt om. Ein dag kom ein gut laupande og fortalte at dei hadde fanga ein stor slange på gardsplassen hans, om eg ville ta bilde av slangen før dei drap han. Eg var ikkje tung å be!

I løpet av nokre minutt var eg på plass, med kamera og ein sekk. For eg ville redde slangen frå den visse død! Det var ein liten pytonslange dei hadde funne då eit lite hønsehus vart rive. Slangen var kring to meter lang og låg midt på ein open plass med eit femtitals menneskjer i respektfull, for ikkje å sei skrekkslagen, avstand i ring rundt. Eit par mann sto klare med machetar til å kutte slangen i småbitar då eg kom og hevda at slangen ikkje var farlig og at han hadde halde rotter og mus unna medan dei sov om natta.

Ingen trudde meg. Eg prøvde å overtyde dei kringståande om at slangane kan delast i to grupper: dei giftige og dei som ikkje er giftige. ”Denne er ikkje giftig”, sa eg og provoserte for sikkerheits skuld fram eit bitt frå slangen. Meininga var berre at slangen skulle bite i skjorta mi, men slangen var sterk og eg litt ivrig etter å demonstrere at dette ikkje var noko problem, så det gjekk ikkje heilt etter planen.

Måpande tilskodarar

Pytonslangen har mange, lange og skarpe tenner, som gjekk rett gjennom skjorta mi og inn i sideflesket like over bukselinningen. Slangetennene er hengsla slik at ei rotte som vil stikke av, får dei tynne tennene lenger og lenger inn i kroppen jo meir ho slit for å komme seg laus. Eg måtte lirke tennene i underkjeven laus med å dra i skjorteflaket, for så å lirke ut tenna i overmunnen. Det var ikkje så vondt, men ganske ubehageleg å tenke på kva som kunne vere av smittestoff i slangespyttet. Rabies, til dømes.

Der sto eg midt i ein måpande sirkel av innfødde, som stirar og stirar på meg, som om dei venta at eg skulle falle død om når som helst. Mennene med machetar kom nærmare og ville avlive slangen, men eg sa at eg no hadde demonstrert at denne slangen ikkje var giftig og difor høyrde heime i Abuko, naturreservatet ein halvtimes køyretur unna. Dermed stappa eg slangen i sekken og reiste til Abuko, slapp slangen ut og skunda meg heim til teltet for å vaske såra etter slangen.

Et underleg besøk

Pyrisept og whisky var det eg hadde å vaske med, og sårbehandlinga gjekk så bra at eg kunne gå til ro med ei god kjensle av å ha gjort ei god gjerning denne dagen. Lite kan måle seg med effekten av i praksis å demonstrere at ein liten kvelarslange ikkje er giftig. Eg sov godt den natta og såra grodde raskt.

Så, seint ein kveld fekk eg besøk. Det tasla i mange sandalar ute på vegen då ein prosesjon av gamle menn kom togande ut av mørkret mot teltet mitt. Dei stilte seg i ein klump rett framfor meg og ein av dei eldste sa fram eit langt ærend og rekte fram to digre bunker med pengesetlar.

Det var veldig mykje pengar og det var veldig seint, men eg konstaterte ganske raskt at ingen av dei frammøtte snakka engelsk, så eg måtte vekke Kebba. Han kom først taslande ut i nattskjorta, men spant rundt og heiv på seg finkleda, då han såg kven som sto utanfor.

Så følgde ein lang og lågmælt samtale mellom Kebba og dei gamle. Mitt spørsmål om kven dei var, vart besvart med ei handrørsle, som antyda at det skulle eg få svar på seinare, no var det viktig å handsame denne situasjonen.

Magisk hår

Kebba lytta og nikka og lytta og rista på hovudet. Så snudde han seg mot meg og spurte vantru om det var riktig at ein slange hadde bitt meg? Og at eg hadde latt slange gjere det, med vilje?

Eg stadfesta at dette var tilfelle og var i gang med ei utgreiing om skilnaden på giftige og ikkje giftige slangar, då eg vart vifta til stillheit att. Kebba sto skulerett for dei gamle. Dei gamle mennene heva stemma og peikte mot meg og trakk fram endå fleire bunkar med pengar alt i alt fleire årsløner både for Kebba og meg.

- Du har latt ein slange bite deg og du er ikkje død,

Startet Kebba, eg var samd med han så langt.

- Dette er landsbyens eldste, her er imamen og medisinmannen og fleire som lagar sterke yoyoar. Dei er her for å hente skjegg og hår av deg for å kunne lage sterke amulettar mot slangebitt. Dei trur du kan redde mange menneskeliv. Og dei vil betale deg veldig godt for litt av håret og skjegget ditt.

Eg vart sint. Og eg nytta høvet til å ta eit endeleg oppgjer med overtru og medisinmenn, forkastelege tradisjonar og skuffelse over at han som lærar og landet hans ikkje var kome lenger. Dei frammøtte kunne ta med seg pengane og overtrua si og heller lære seg skilnaden på giftige og ikkje giftige slangar, framfor å lure folk til å tru at ein amulett kan redde dei! Kven hadde ansvaret dersom dei gjekk med ein Tobabo Hans-amulett og dei vert biten av ein kobra, ein mamba eller ein puffadder?

Ingen amulettar

Dødelege slangar, som drep uansett kva slags amulettar ein heng på seg! ”Dette er tull”, avslutta eg med. Like fattig, men provosert og forbanna. Kebba ga dei undrande, gamle vismennene ein kortversjon av talen min og de kvitterte med å sjå i bakken, vende om og tasle inn i mørkret att.

Kebba og eg vart sittande og prate. Og le for vi hadde vore frykteleg nær makta i Serrekunda. Makta og mystikken, trua og tradisjonen og ufattelege mykje pengar! Eg måtte innrømme at mitt innspel for å drive vaksenopplæring i Gambia, hadde feila! Vi gjekk til ro medan tropenatta fyltes med den vante lyden av sikadar, mangoar som buldra mot bølgeblikktaka og skrik frå fruktetande flaggermus, som sto for bombardementet med mangosteinar og halvetne frukter.

Den nye ministeren

Eg reiste heim til Noreg att og mange år seinare ringte eg Kebba, for å høyre korleis det gjekk med han og for å høyre kva han gjorde no? Kebba fortalte at han hadde fått seg ei ny kone, og at han hadde fått seg jobb i regjeringa, som minister for vaksenopplæringa i Gambia!

Det vart ein liten kunstpause i praten, før vi begge brast i latter og visste utan å seie eit ord kva den andre lo av i andre enden av den lange ledningen mellom Bergen i Noreg og Banjul i Gambia.

Eg veit at han aldri vil gløyme den nattlege visitten i Serre Kunda, historia om slangen og pengane som aldri skifta eigar den natta. Og eg har god tru på Kebba som minister for vaksenopplæring, han fekk tross alt eit lynkurs i korleis ein handterer gammal overtru og forstokka tradisjonar. Men eg trur han har ein yoyo eller to under ministerskjorta, sånn for alle tilfellers skuld. Gratulerer med jobben, Kebba!