Hopp til innhold

Undersøkte Chopins hjarte under topphemmeleg møte

Berre nokre få utvalde embetsfolk og forskarar var invitert då det mest myteomspunne hjartet i Polen vart undersøkt. Det kan bli 50 år til neste gong.

Helligkorskirken i Warszawa, hvilestedet for Chopins hjerte

Biletet viser søyla i Heilagkrosskyrkja i Warszawa der hjartet til komponisten Frederic Chopin er oppbevart.

Foto: Czarek Sokolowski / Ap/NTBscanpix

Like før midnatt 14. april i år møttest kulturministeren, erkebiskopen, ein rettsmedisinar og ti andre i Heilagkrosskyrkja i Warszawa. Oppdraget? Å sjekke tilstanden til komponisten Frédéric Chopin sitt hjarte, som vert oppbevart i ei søyle i kyrkja.

Dei involverte måtte lenge halde tett om undersøkinga. Tidlegare i haust kom det opplysingar om at hjartet viste teikn til tuberkulose og kanskje ein annan lungesjukdom. Denne veka gjenga AP skildringar av den høgtidelege stemninga under møtet.

Forskarane i teamet tok om lag 1000 bilete av hjartet, men ingen av dei vil bli publisert. Dei frykta for at hjartet skulle ha tørka inn, men konkluderte med at det var i god stand. Neste inspeksjon er allereie avtalt – i 2064!

Bad om at hjartet skulle førast til Polen

Frédéric Chopin i 1849

Fotografi av ein dødssjuk Frédéric Chopin frå 1849.

Foto: Louis-Auguste Bisson / Amano1/Wikimedia Commons

Det er ikkje tilfeldig at akkurat Chopins hjarte får slik spesiell merksemd. Den berømte polske komponisten vaks opp i Warszawa, men emigrerte til Paris som 20-åring og vart seinare fransk statsborgar.

Då Chopin låg på dødsleiet i Paris i 1849, berre 39 år gammal, bad han om at hjartet hans skulle førast tilbake til heimlandet. Slik har hjartet vorte eit viktig symbol på kjærleik og lengsel til fedrelandet for mange i Polen, og musikken hans er nært knytt til kampen for polsk sjølvstende.

Søstera til Chopin skal ha teke med seg krystallurna med hjartet, truleg oppbevart i konjakk, tilbake til Warszawa. Det vart oppbevart ulike stader fram til rundt 1880, då det vart plassert i ei søyle i Heilagkrosskyrkja. Urna hamna i nazistane sine hender under krigen, men vart sett tilbake i 1945.

– Ikkje grunn til å forstyrre Chopins hjarte

I samtida trudde ein Chopin døydde av tuberkulose, men ein veit det ikkje sikkert. Enkelte forskarar er kritiske til at det ikkje vart teke prøver av hjartet, som kunne gitt ny kunnskap om saka. Det er ikkje nok til å påverke polske myndigheiter:

– I Polen seier vi gjerne at Chopin døydde av lengsel til heimlandet, seier Bogdan Zdrojewski, kulturministeren som var med på undersøkinga, og som i dag er sit i Europaparlamentet.

– Om ein kunne finne ut noko nytt om hans død, ville det ikkje vere god nok grunn til å forstyrre Chopins hjarte.