NRK Meny
Normal

Treng me ein, ei og eit?

Kvifor har norsk tre grammatiske kjønn, medan fransk klarar seg med to og engelsk med berre eitt? Agnes, 13 år, vil ha svar.

Agnes Blom Nysæther
Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

Språkteigen mottok nyleg dette brevet:

Hei, jeg heter Agnes og går i sjuende klasse på Paradis skole i Bergen.

Hvorfor har vi tre kjønn i Norge, men bare to i Frankrike og ikke mer enn ett i England?

Hvorfor sier vi en jente i Bergen, men det er jo hunkjønn og burde hete ei jente?

Hvorfor sier vi aldri ei i Bergen om noen ting? Vi trenger vel ikke ei hvis Bergen klarer seg uten?

Vennlig hilsen Agnes.

I byrjinga var dei tre

Helge Sandøy, UiB

Professor Helge Sandøy seier det ofte er tilfeldig kva kjønn eit ord har.

Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

- Det er snålt at me i Bergen ikkje seier ei, medan dei i Oslo gjer det, seier Agnes Blom Nysæther.

Språkteigen og Agnes oppsøkjer professor Helge Sandøy, som lyt gå 6000 år attende for å finne svaret:

- Indoeuropeisk, opphavet til både fransk, engelsk og norsk, hadde tre grammatiske kjønn. Så skjedde det ei gradvis forenkling i nokre språk, fortel Sandøy.

Fransk, spansk og nederlandsk har i dag to kjønn. Engelsk og dialektane vest på Jylland har berre eitt kjønn, medan norsk og tysk framleis har tre kjønn.

Høyr møtet mellom Agnes og professoren.

Internasjonale Bergen

Agnes Blom Nysæther

Agnes Blom Nysæther kjem frå Bergen, der dei brukar felleskjønn og intetkjønn.

Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

Men kvifor har bergensdialekta berre to kjønn, og ikkje tre? Kvifor seier Agnes 'en jente' og 'en bok'?

- I Bergen er hokjønn og hankjønn slått saman til eit felleskjønn, fortel Helge Sandøy.

- Der fleire språk møtest, bommar ein ofte på det grammatiske kjønnet når ein skal lære seg nye språk. Og når mange bommar kan resultatet bli ei forenkling.

Det var dette som skjedde i England. Kanskje skjedde det òg i Bergen då byen var ein viktig Hansaby?

Men kvifor kvitta ikkje bergensarane seg med heile systemet?

Overflødig system

Bryggen Bergen

Har bergensdialekta berre to grammatiske kjønn fordi byen var så internasjonal i Hansatida?

Foto: Sannum, Tore / Scanpix

- Kvifor har resten av Norge tre kjønn når andre klarar seg fint utan? spør Agnes.

- Ja, det kan du seie. Og kvifor ikkje gjere som engelskmennene og bruke berre eitt? svarar professoren.

- Språk er ikkje alltid fornuftig og effektivt. Systemet vårt med tre kjønn er som ein slags luksus, og det let seg ikkje forklare.

Høyr meir i Språkteigen på P2, søndag 9.30 og mandag 23.30.

Diskuter vidare på Facebook og på Twitter . Du kan òg høyre Språkteigen som podkast .