Hopp til innhold

Torborg Nedreaas

13. november i år var det 100 år sidan forfattaren Torborg Nedreaas vart fødd.

Forfatter Torborg Nedreaas, ved skrivemaskinen i sitt hjem på Nesodden.
Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

13. november i år var det 100 år sidan forfattaren Torborg Nedreaas vart fødd. Mange kjenner henne som ein av etterkrigstida fremste novelle- og romanforfattarar. Ho voks opp i eit borgarleg miljø i Bergen, men braut seinere med oppvekstmiljøet og byrja forfatterskapet sitt med å skrive novellar for vekepressa. Hennar eigentlige debut kom med romanen ”Bak skapet står øksen”. Gjennombrotet kom med ”Av måneskinn gror det ingenting” (1947) og novellesamlinga ”Trylleglasset” (1950).

Forfattarskapet hennar var på mange vis prega av krigen og kva krigen gjorde med enkeltmenneske. Ho var ein radikal kommunist og framtredande NATO-motstandar.

Høyr intervju med henne i NRK Gull, der ho fortel om bakgrunnen for at ho vart kommunist, og kva fylgjer det fekk for henne. Høyr også kåseri med henne der ho seier kva ho meiner om kjendislitteratur.

Olav Hestenes

 

Olav Hestenes.
Foto: Hanssen, Eystein / Scanpix

I år er det 10 år sidan høgsterettsadvokat Olav Hestenes døydde. Han var ein profilert advokat, mest kjent som forsvarar for dei drapstiltala.I prgogrammet Noas ark fortel han blant anna om dette arbeidet og korleis livssyn og etiske verdiar er viktige for han i arbeidet som forsvarar. Han fortel også om oppveksten i Tromsø, og kvifor han sjølv vart arrestert som 13 åring.