Hopp til innhold

Til den fyrste

Eg vart venleg bedt om ikkje å ha så store tankar om henne, ho var ikkje verdt det.

Fjellkjede
Foto: Alexandre Buisse

Avsenderen for dette postkortet kaller seg Kjell Birger Hetlelid.

Sumaren 1959

Du var den fyrste som rørde ved mi sjel, den fyrste som gledde min hug med glade fargar.

Du var det mennesket som gav meg retten til å tru på meg sjølv. Denne velsigna gåva som gjorde meg så usløkkjeleg glad i livet at eg ikkje ville ha undrast om vatnet tok til å brenna.

Der andre brast

Sjølv om eg aldri kom dit at eg fekk møta deg, aldri fekk kjenna ditt smil finna vegen til det som gøymtest lengst inne i meg, aldri fekk kvila mitt auga mot din barnslege ærlegdom. Likevel vart du den finaste fiberen som heldt der dei andre brast.

Du let meg få kjærleik nok til å sanse og sjå det uskuldige i mitt eige sinn. Dette som eg så lett kunne ha hasta forbi og trakka sund i rastlaus glede over å vera ung. Til deg har eg gjeve lovnaden om at alle dei liljereine tonane som eg høyrde frå di unge og spede harpe, skulle eg gøyme i meg som mitt kjæraste eige for all tid.

Du er det mennesket som skal fylle alle mine levedagar med godheit for alt levande liv. Du er den vesle gjenta som eg, når min manndom kjem, skal byggja mitt venleiks tempel i.

Eit augneblik

Du var den som utan otte kledde din eigen hug naken. Slik at mine unge og redde tankar kunne finna kvilande feste i dette vesle fjomet, det minste av alt lite og som dei aller fleste stryk or tanken alt før det har fått festa seg.

Dette vesle fjomet som ikkje eig namn og som berre var til i denne vesle og einaste augneblinken i mitt liv, då dine knoppar brast for aller fyrste gong.

Dette vesle av alt lite gav du meg i handa mi og eg fekk halde det eit svinnande kort sekund. Eg kjende at mi stund på jorda hadde teke til. I alle mine morgontimar skal eg takke deg for at du er til.

Så gjekk mange tiår og eg fekk kontakt med min ungdoms elskede og eg vart venleg bedt om ikkje å ha så store tankar om henne, ho var ikkje verdt det meinte ho.

Men då svara eg henne.

Nye tankar

Du ber meg
om ikkje å tru noko stort
og fint om deg.
Eg ville så gjerne
ha svara deg
å, ja, det skal eg lata vera.

Men du ber meg om det umoglege
det ufatteleg meiningslause.

Korleis skulle eg gjera det
det ville då vera like vanskeleg
som å stå berrføtt og naken
langt ute i havgapet
med ein fløymande vind
frå ein solblå himmel over
høyra bruset frå tusenvis tonnsterke bylgjer som bryt og brest mot denne stormslitne sandstranda
kjenna angen av levande tang og tare og smaka smaken av ramsalt sjø,

og så til slutt stire utover denne endelause vidda av alt dette stormande ville og levande vatnet

og seie til meg sjølv

Dette er ikkje eit hav!

Like endelause og trufaste
er mine tankar om deg.

Men bed du
havet om å leggje seg i kvilande ro
om så berre for eitt einaste kort lite sekund så eg skal tøyle mine kjensler for godt.

Men inntil dess
er du for meg
det beste av alt godt
det finaste av alt fint.