NRK Meny
Normal

Syng mørk Prøysen-vise på jubileumsfesten

Ingrid Olava vaks opp med Alf Prøysens barnesongar, men til kveldens store Prøysen-festframsyning har ho valt ut ei av diktarens mørkare viser.

Ingrid Olava

Ingrid Olava skal framføre «Lomnæsvisa» under Prøysen-festframsyninga på Det Norske Teatret søndag kveld.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Vi vart flaska opp med Prøysen på Innlandet, fortel Ingrid Olava (33) som vaks opp på Lillehammer, berre nokre mil nord for Prøysens heimstad. Prøysen sette eit sterkt preg på barndomen til artisten.

Høyrde «Du ska få en dag i mårå» kvar kveld

– Det er fantastisk takknemleg å ha ein lokal diktar som Prøysen, seier Olava.

– Vi song dei fantastiske, morosame barnesongane hans heile tida på barneskulen.

Og skulen var ikkje åleine om å formidle opplevingar frå den lokale helten:

– Eg har massevis av barndomsminne knytt til Prøysen. Mora mi brukte å synge «Du ska få en dag i mårå» til meg kvar kveld før eg sovna. Og kvar jul las bestemor «Snekker Andersen og julenissen» for oss frå ei stor biletbok.

– Kan vere farleg og mørkt

Etter kvart oppdaga Ingrid Olava nye sider ved Alf Prøysen.

– Det er mange lag i tekstane, som ein avdekkjer når ein blir eldre. Slik kan ein gjenoppdage på nytt og på nytt det som har følgt ein frå barndomen.

Til søndagens festframsyning har Ingrid Olava valt ut ei av dei mørkare visene til Prøysen, «Lomnæsvisa», om ei kvinne som skal til å ta sitt eige liv, men lét vere.

– Det er mykje trygt og heimekoseleg for meg i Prøysens songar. Det kan samstundes vere farleg og mørkt, som i den visa eg skal synge på konserten.

– Føler at eg representerer Lillehammer

Søndag kveld vert Prøysen-året 2014 summert opp med ei festframsyning i Det Norske Teatret. Linn Skåber og Hans Olav Brenner er vertskap for framsyninga, som vert overført på NRK1 frå kl. 20.15.

Mellom artistane som framfører Prøysen-songar med Kringkastingsorkestret er Frida Ånnevik, Karin Krog og Lars Lillo-Stenberg. Ingrid Olava har store forventingar til framsyninga:

– Det er veldig stas med slike store anledningar, og eg gler meg veldig. I denne samanhengen føler eg også at eg representerer Lillehammer. Og eg skal så klart pynte meg litt, når kongen kjem og eg skal synge med stort orkester!

Det flaug ei jinte på lange legger
mot Lomnæsvatnet, hu smaug og smatt,
og hjertet hakke og haugg i bringen
og pusten hikste: Kjæm æiller att!
Kjæm æiller att!

Frå Lomnæsvisa av Alf Prøysen