Språkslaget ved Hastings

Beef, fashion, conversation, og complaint er berre fire av meir enn 10 000 franske ord i det engelske språket. Det kan me takke ein maktsugen normannar for.

Rødt kjøtt.

Norsk har lånt biff frå engelske beef, som i si tid kom frå det franske boeuf.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

- Frå Vilhelm Erobraren sette seg på tronen i 1066 snakka ein fransk ved det engelske hoffet, i rettsvesenet og i parlamentet.

Det fortel Christine Meklenborg Salvesen, språkforskar med gamalfransk som spesialitet.

- Engelsken som dukka opp att på 1300-talet var eit heilt anna språk.

Høyr kva som skjedde då gamalfransken marsjerte inn i England.

Vekk med kasus, hankjønn og hokjønn

Christine Meklenborg Salvesen og Kristin Bech

Språkforskarar med sans for slaget ved Hastings: Christine Meklenborg Salvesen (t.v.) og Kristin Bech, UiO.

Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

Til dømes forsvann ho-, han- og intetkjønn. I dag har engelsk berre eitt grammatisk kjønn.

Årsaka til språkendringane finn me hjå den fromme kong Edvard Bekjenneren. I 1066 døyr den engelske kongen utan å etterlate seg arvingar, men både angelsaksaren Harold Godwinsson og Vilhelm av Normandie meiner å ha krav på trona.

Vilhelm kryssar kanalen og sigrar i slaget ved Hastings. England er hans, og med seg på lasset har han gamalfransk.

Men sjølv om Vilhelm Erobraren og hoffet snakkar fransk, så held det engelske språket stand.

Engelsk som gatespråk

Lakme Fashion Week

Det er ikkje enkelt å snakke om mote på engelsk utan å bruke franske ord.

Foto: Rafiq Maqbool / Scanpix/AP

- England var tospråkleg. Hoffet og overklassen snakka fransk, den lågare klassen snakka engelsk, og middelklassen brukte begge språk.

Det fortel Kristin Bech, språkforskar i engelsk ved Universitetet i Oslo.

- Det er fyrst når overklassen tek til å snakke engelsk att på 1300-talet at dei store språkendringane skjer, fortel ho.

- Då hadde heile samfunnet endra seg, og me finn franske ord som parliament og state, salvation og religion, fashion og conversation.

Hermetisk fransk

Kvifor studerer Christine Meklenborg Salvesen det engelske språket så nøye? Ho forskar jo på gamalfransk?

Sau og lam

Har dyret puls har det eit engelsk ord, ligg det på tallerkenen er ordet gjerne fransk. Sheep blir mutton, calf blir veal og ox blir beef.

Foto: Dagfinn Vasstrand

- Det franske språket blei veldig konservativt i England. Mange lydar som forsvant i Frankrike eksisterer framleis i dei franske orda me finn i moderne engelsk, fortel Meklenborg Salvesen.

- Takka vere engelsk veit me veldig mykje om det franske språket på 1000-talet, så eg er veldig takknemleg for slaget ved Hastings, ler ho.

Vil du høyre meir om møtet mellom gamalengelsk og gamalfransk? Høyr Språkteigen på P2, søndag 9.30 og mandag 23.30.

Du finn oss òg på Twitter , på Facebook og som Podkast .