NRK Meny
Normal

Slik tar du inn NRK Klassisk

Frå 1. juli kan du ikkje lenger lytte til NRK Klassisk via FM, men fortvil ikkje! Det finst fleire måtar å få inn kanalen på.

NRK Klassisk på DAB-radio

Om lag 80% av Noregs innbyggjarar kan no få inn NRK Klassisks sendingar på DAB-radio. Her finn du eit kart med oversikt over kvar du får inn DAB-signal:

Kart over DAB-dekning i Norge

Innstilling av frekvensar treng du ikkje tenke på, DAB-radioar søkjer opp kanalane sjølv. Meir informasjon om DAB-radio finn du her:

DAB i Norge

NRK Klassisks nettradio

Uansett kvar du er i landet, kan du lytte til NRK Klassisk via nettradio, til dømes via pc-en. Nettradioen finn du her:

NRK nettradio

Du kan velge mellom lavare og høgare lydkvalitet ved å klikke på ++ eller +++ (best lydkvalitet).

NRK Klassisk på digital-TV

Dersom du ser TV via det digitale bakkenettet (DTT-nettet), kan du lytte til NRK Klassisk på TV'en. Då må du velje radio med fjernkontrollen, og deretter velje kanal. Du kan enten lytte til radio eller sjå på TV (ikkje begge deler samstundes).

Koblar du lydutgangen frå dekoderen til stereoanlegget, kan du høyre på radio utan å ha på TV-apparatet. (Og du får betre lyd på TV-programma dine også ... )

NRK Klassisk på digitalkabel og parabol

Då får inn radiosignal både på digital kabel og frå satellitt. Også her er det gunstig å koble tuneren (dekoderen) til stereoanlegget.

Her kan du lese meir om korleis du lyttar til NRK Klassisk og andre kanalar via parabol:

Satellitt-TV og -radio