NRK Meny
Normal

Skyvedøren

Eg ser han ikkje, men veit at han ligg der, veslebror, under ei veke gamal.

Laftet hytte
Foto: Vikene, Solveig / SCANPIX

Avsender for dette postkortet er Ottar Kaldhol fra Ulsteinsvik.

Mellom daglegstova og bestestova var det lysebrune skyvedører. Den dagen då alle voksne gret var dei attletne. Eg prøvde å gråte når eg var åleine men fekk det ikkje til. På sofaen i bestestova bak skyvedørene låg grunnen til at dei gret.

Et svakt skin

Om kvelden, alle var på kjøkenet, opna eg så forsiktig og stilt eg kunne den eine skyvedøra så mykje at eg såg inn med begge augene. Det var mørkt, men lyset frå dagligstova som skein forbi meg og eit svakt måneskin gjorde at eg såg teppet på sofaen.

Eg ser han ikkje, men veit at han ligg der, veslebror, under ei veke gamal. Han har slutta å puste. Fekk sjå han ein gong, eg og systra mi, ho var lita.

Tante som var der for å hjelpe mor tok vekk den rare maska som veslebror hadde over andletet. Det var festa ein slange til den som rakk ned i ei gråblå jernflaske som låg på golvet attmed senga i daglegstova. Mor låg der også. Augene hans var attletne i det kvitblå andletet. Han sov, trur eg. Tante la maska fort ned på andletet hans att "han må puste" sa ho. Slutta han å puste dagen etter fordi flaska var tom? Det lurte eg på lenge.

Mørk skuledag

Mor og tante meinte at eg ikkje trong å gå til skulen dagen etter at han slutta å puste. "Gå til skulen” sa far. Eg gjekk. Det var mørkt. På veg til skulen prøvde eg å slutte og puste, men greidde det ikkje. Det var mørkt i klasseromet heile den dagen. Alt var så rart. Ingen av klassekameratatane visste at han hadde slutta og puste.

Eg sa ikkje eit ord i timane den dagen. Vart heller ikkje spurd. Lærarinna som vanleg var streng, men ikkje mor endå, strauk meg over håret minst to gonger. Eg vart varm, fekk klump i halsen, rakte opp handa, måtte på do. Kvifor måtte eg gråte no, eg som hadde prøvd før. Vart så lenge at kameraten min vart sendt ut. Han spurde utanfor dodøra.

- Trur du han er i himmelen?

Eg svara han stilt.

- Han låg på sofaen i bestestova i dag tidleg. Besta døypte han igår, ho song og las fadervår, eg hjelpte ho.

Kameraten min var still lenge, men så sa han at eg kan få låne Mikiblada mine. Det var fyrste gongen han lånte vekk eit blad.

Framom meg

Det ingen veit, heller ikkje mor, er at han sat alltid framom meg og heldt i rattet på den nye rattkjelken som eg fekk i julegåve. Systra mi fekk dokkevogn. Når eg ikkje hoppa like langt som dei andre og vart etter på ski var det fordi han sto framom meg på skia.

Han pusta og bles og stoppa for å fange snøven som dala ned med votten. Han smakte på snøvflaka, lenge. Når eg ikkje sto på isflak i elva i vårløysinga i konkurranse med kameratane om å vere den siste som hoppa av isflaket og inn på land før flaket reiste seg på kant, kvelva rundt og vart knust mot demninga så var det fordi han var med. Han var for liten og mor ville verte trist og lei seg, ho ville gråte om det gjekk gale.

Eg lærde ikkje å symje under vatn eller stupe når vi bada. Han ville ikkje få puste der han hang på ryggen min. Om mor hadde visst at han var med meg og at han ville få site bakpå så hadde eg heilt sikkert fått låne den nye sykkelen som ho brukte til butikken. Far ville heilt sikkert kjøpt ein ekte fotball og ikkje ein av gummi om han viste at han var ein god målmann som redda nesten alle skota mine der han sto mellom to av dei kvite bjørkene som far og eg planta framom huset då eg var heilt liten.

Eg ser

Eg ba til Jesus kvar kveld om ein ny og fin sykkel fordi eg ville at han skulle få site på. Jesus kunne berre sette sykkelen i kjellaren. Gjekk ned i kjellaren om morgonen før eg gjekk til skulen. Der sto ikkje nokon sykkel. Ba så til Gud, far hans. Men då det ikkje hjelpte, ga eg opp. Systra mi lurde på kven eg prata med om kveldane etter at vi hadde lagt oss. Ho var lita og vi låg på same rom.

Skyvedørene er der ikkje lenger. Dei to stovene er ei no. Når eg sit i sofaen i bestestova der han låg, kjem han opp på fanget mitt, snur seg mot meg. Eg ser bror min, sønene våre og ikkje minst mor og far. Mor kjem smilande frå kjøkenet med ei kaffikanne, går med trygge steg gjennom skyvedørene som ikkje er der.

- Kvifor set du deg alltid på same plassen i sofaen.

Eg dreg pusten.

- Når eg sit her så ser eg heile familien vår.