Hopp til innhold

Ski - ein norsk språksuksess

Lista over norske lånord i andre språk speglar natur, idrett - og svik.

Med ski på toppen av Molden
Foto: Fredrik Schenholm

- Held me oss til moderne tid så blir ikkje lista lang, seier Rolf Theil.

- Eg trur ikkje eg kjem på fleire enn tre!

Rolf Theil

Professor Rolf Theil finn berre eitt norsk ord i koreansk. Ski!

Foto: UiO

Sukhi, esquí og skidor

Rolf Theil, professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo, finn berre eitt norsk ord i koreansk.

- Der heiter det sukhi. På spansk heiter det esquí. Ordet ski er utan tvil det mest internasjonale ordet i norsk. Sjølv om svenskane åker på sine skidor, så er det den norske forma som har slått an i utlandet.

Dessutan er slalåm eit godt gamalt norsk ord.

- Det høyrest kanskje ikkje så norsk ut, men om me deler det i to får me sla, som betyr hallande eller skrånande, og låm, eit relativt vanleg ord i Telemark for skiløype.

Det tredje ordet - fjord - er å finne både i tysk, fransk og engelsk.

Samiske heimevernsoldater på reinpatruljeøvelse på Finnmarksvidda i 1952.

Finst det fleire samiske ord enn tundra der ute?

Foto: Aktuell / SCANPIX

Høyr Rolf Theil fundere over norske lånord.

Berre eitt samisk ord

Tre ord gjer lista kort, men truleg er dei samiske lånorda endå færre.

- Tundra er eit gamalt samisk ord. Russarane lånte ordet frå dei samiske dialektane på Kolahalvøya, og så spreidde det seg vidare frå russisk.

Quisling og klister

Ein av Språkteigen sine lyttarar fortel at ordet 'klister' er eit begrep i 'ein liten skiløpande minoritet i USA'.

Andre lyttarar spør - kva med skisporten Telemark? Og kva med Quisling som omgrep? Jau, begge orda kjem inn på Theil si liste over norske ord som har etablert seg i andre språk.

Alt 19. april 1940 blei ordet Quisling brukt med tydinga 'landssvikar' i avisa The Times:

Uff-da Bock

I Wisconsin får du kjøpt Uff-da øl.

Foto: Christian Kråkenes, NRK

«To writers, the word quisling is a gift from the gods. If they had been ordered to invent a new word for traitor they could hardly have hit upon a more brilliant combination of letters.»

Uff Da!

I Wisconsin kan du kjøpe ølet 'Uff-da Bock'. I same stat ligg flyplassen Uff Da Airport, og på Youtube blir Midtvesten feira med låta Uff da Minnesota .

Kvalifiserer Uff da til lista vår?

- Ja, Uff da trur eg faktisk me skal ta med, humrar professoren raust.

Her finn du Språkteigen på Facebook.