Hopp til innhold

Rydd plass til øøøh...

Øøøh, seier Jens Stoltenberg. Eeeh, seier Fredrik Skavlan. Kvifor?

Øøøh og eeeh fortel oss mykje om både statsminister og talkshowvert.

Ordlister og ordbøker
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

- Øøøh, som mange meiner bør inn i leksikonet, er på topp 10-lista. Det er eitt av dei orda me brukar mest, seier språkteknolog Robert Eklund.

Er øøøh strengt tatt eit ord? Korleis skal det i så fall skrivast, med ein ø eller tre? Med eller utan h?

Kvart tjuande ord er øøøh

Robert Eklund

Robert Eklund, svenske med doktorgrad i øøøh og eeeh...

Foto: Privat

Det er i grunnen underleg kor lite me veit om desse lydane me brukar så hyppig. Øøøh, eeeh og mmmm lever aktive liv innimellom dei andre orda, dei fyller alle tomrom og dei kan iritere vettet av deg.

- Øøøh er kanskje det ordet som startar flest setningar, og det er ein veldig naturleg måte å snakke på.

Språkteknolog Robert Eklund utviklar talegjenkjenningssystem ved Voice Provider i Stockholm, han forskar på neurokognisjon ved Karolinska Institutet, og han tok doktorgraden på øøøh, eller disfluens.

- Disfluens, eller brot i taleflyten, omfattar både pausar, lydar som øøøh, ord som blir heeeeeengande lenge eller at ein gjentek seg sjølv. Det finst 8-9 ulike disfluensvariantar, fortel Eklund.

Høyr reportasjen: Øøøh, populært hatobjekt

Avslørt!

- Dei som er minst flytande brukar øøøh 15 gonger meir enn dei mest flytande. Det er stor skilnad frå person til person.

Kva seier Robert Eklund om dette klippet frå Skavlan?

Skavlan

Fredrik Skavlan, - gir ikkje frå seg ordet før han er klar for det.

Foto: NRK

Høyr Fredrik Skavlan spørje den svenske finansministeren om hans private pengebruk:

- Han er veldig disfluent! Dette illustrerer teorien om at jo meir kjenslevart tema, jo fleire øøøh.

- Amerikanske studier viser at talet på øøøh varierer etter kor følsamt temaet er. Dessutan har me 'The floorholder hypothesis', som meiner folk seier øøh for ikkje å bli avbrotne. Eg trur begge desse forholda verkar inn på Fredrik Skavlan i dette tilfellet.

Øøøh, herr president...

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa øøøh'a nyleg om biodiesel.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Høyrde du samferdsleministeren stotre om biodiesel frå Stortinget sin talarstol nyleg? Stotringa hennar fortel oss like mykje som orda ho ikkje fekk fram:

- Studier viser at politikarar framfører kompliserte og vanskelege setningar heilt flytande medan den spontane talen innimellom er uflytande, seier Eklund.

- Setningar om vanskelege emne er innøvde, medan den naturlege talen går litt hulter til bulter.

Det var tider

Rolf Kirkvaag

Sa Rolf Kirkvaag nokonsinne øøøh?

Foto: SCANPIX

«Stadig fleire klarar ikkje å uttale setningar i samanheng. Dei må putte inn æææh, eeeh, øøøh og liknande, både før og midt inne i setningane.»

Slik startar brevet som sette Språkteigen på saka. Lyttaren tykkjer det er slitsomt å høyre slikt på radio og i fjernsynet.
Men er det blitt verre?

- Ja, det er blitt verre, men men det kjem truleg av at ein i dag tillet dette på radio og TV. No skal det vere naturleg og spontant, manusa er færre, og det er færre innøvde spørsmål og setningar.

Menneske, ikkje maskin

Kan ein kreve av folk at dei skal snakke som maskiner?

R2D2 med webcam

Plip - blooot - øøøh?

Foto: NRK

- Eg trur faktisk maskiner i framtida vil snakke meir som menneske, seier Eklund.

- Maskiner og program får ofte kritikk fordi dei ikkje forstår dialektar og disfluent tale, men i den språkteknologiske verda trur ein at i framtida vil maskinene seie øøøh, heller enn at folk blir nøydde til å legge vekk lyden.

Eklund avslutta avhandlinga si med å sitere den amerikanske lingvisten Wallace Chafe:

- Den som snakkar går ikkje ein tydeleg, opptrakka sti. Han må leite seg fram i ukjent terreng, der han må ta pausar, skifte retning, og gå attende i eigne spor. Ein nølar fordi tale er ei kreativ handling.

Diskuter øøøh og eeeh på Språkteigen si Facebook-side: