Radiodokumentaren sommaren 2013

Per Borten går, Trygve Bratteli kommer, Stortinget 1971

Per Borten går, Trygve Bratteli kommer, i Stortinget 1971. Høyr om dette 3. september.

Foto: Scanpix / SCANPIX

2. juli: På loffen i Amerika. 16-åringen Hans Johnson Gjerde reiste på trampen gjennom USA i 1911. Han blir intervjua av Nordvald i 1963.

9. juli: Møte med forfattaren og teatermannen Nordvald Tveit
i samtale med Erling Lægreid. Programmet er sendt før 22. juli 1988.

Norvald Tveit

9. juli sender vi møte med Norvald Tveit

16. juli: "Frå ein boks på IKEA" er ein dokumentar Kari Hesthamar laga frå livet i det store varehuset. Programmet er tidlegare sendt 17. april 2004.

23. juli: "Stygg er et rart ord". Radiodokumentar om skjønnhetsbegrepet ved Charlotte Thiis-Evensen. Sendt før 15. mars 2003.

30. juli: Bollywood.no.
Radiodokumentar ved Ragna Nordenborg. Sendt 3. april 2006.

6. august: Prosessen mot Christopher N. Et kræsj-portrett ved Henrik Nielsen. Sendt tidligere 2. april 2006.

13. august: Det største eventyret – om det norske kongehuset og dets undersåtter i vårt århundre. Ved Birger Amundsen. Sendt 18.08.2004.

20. august: Sett med fiendens øyne. Dagboksnotater fra en russisk soldat i Tsjetsjenia. Svensk program ved Gunilla Bresky. Sendt 08.04.2006.

27. august: Hasse – Å Tage. Et program om Tage Danielsson og Hasse Alfredson, ved Totto Osvold. Sendt før 02.08.1968.

3. september: Lekkasje og regjeringskrise i 1971
. Regjeringa til Per Borten måtte gå av i 1971. Dette var i innspurten av folkerøystinga for eller mot norsk medlemskap i EU, eller EEC som det heitte på den tid. Regjeringa skulle forhandle med EEC om ei avtale om vårt forhold til Fellesmarknaden. 18. februar 1971 sto ein artikkel i Dagbladet som var lekkasje frå forhandlingane med EEC,og seinare kom ein ny artikkel i senterungdomens blad, Cultura. Statsminister Per Borten blei mistenkt for å vera kjelde til lekkasjen i Dagbladet. Per Borten hadde på ei flyreise til København vist Arne Haugestad eit fortruleg dokument om forhandlingane med EEC. Dette blei seinare kopla til Dagblad-artikkelen. Men både Per Borten og hr. adv. Arne Haugestad, som var leiar i «Folkebevegelsen mot EEC», nekta at dei var Dagbladets kjelde. Fleire av politikarane i Bortens regjering var så sikre på at Borten var kjelda til lekkasjen at dei nærmast i klare ord kravde statsministerens avgang. Særleg Venstre-leiaren Helge Seip og Høgres Kåre Willoch meinte Per Borten «måtte trekke den konsekvensen som ikkje er til å unngå».

Resultatet var at regjeringa Borten måtte gå av i mars 1971. I 1986 gav Ole Hoemsnes ut boka «Skjebnedøgn» som handla om lekkasjesaka. Her skriv Hoemsnes at han var Dagbladets kjelde i «Lekkasjesaka». Ole Hoemsnes var pressråd for statsminister Per Borten.

Etter regjeringa Bortens avgang kom det i gang forhandlingar for å få til ei ny borgarleg fireparti-regjering med Kjell Bondevik frå Kristeleg Folkeparti som statsminister. Forhandlingane stranda, og Kjell Bondevik gav Senterpartiet skulda for dette. Det han sa då forhandlingane måtte avsluttast har blitt ståande som eit svært kjent politisk sitat: «..eg er djupt såra og vonbroten».
Det endelege resultatet etter lekkasjane var at regjeringa Borten måtte gå av, Kjell Bondevik greidde ikkje forhandle fram ei ny borgarleg fireparti-regjering, og ei ny mindretals regjering med Trygve Bratteli som statsminister blei utnemnd 17. mars1971.

Kjell Bondevik

Kjell Bondevik var 'djupt såra og vonbroten' i 1971

I dette programmet sender vi kutt frå dei mange sendingane som var i radioen i desse dramatiske dagane. Vi høyrer fleire av politikarane som sto sentralt her. No er det nesten bare Kåre Willoch og Odvar Nordli som lever av dei mest aktive desse dramatiske, politiske, historiske dagane.

10. september: I 1973 fylte kong Olav V 70 år. Jubilanten blei feira med ein radiokavalkade over hans liv. Programleiar var Bjørn Egil Eide, og programmet blei sendt 2. juli 1973.

17. september: Færøyane, ein utkant midt i verda. Dette er eit program som er sett saman av fleire program frå øyane vest i havet. Sverre Stove var på Færøyane i 1955 og gjorde opptak om færøyisk språk og kultur. Klara Semb var fleire gonger på Færøyane. Ho samarbeidde med Hulda Garborg i arbeidet med å samle dansar og songar frå Færøyane. Klara Semb fortel om dette arbeidet.
Åsulv Edland og Finn Skoland var på Færøyane i 1976. Der gjorde dei eit lengre intervju med ein av Færøyanes mest kjende forfattarar, William Heinesen, som vi sender i dette programmet.

I dag er Færøyane stadig eit sjøvstyrt område med nær kontakt med Danmark, men øyane har alltid hatt nær kontakt med Noreg.

Heinesen

William Heinesen

Foto: Polfoto / NTB scanpix

24. september: "På gjengrodde skinner" Ein tyskar og ein nordmann kryssar spor etter DDR i 1994. Programmet er ved Tilman Hartenstein og Arnfinn Christensen.

Skru på din dab- eller nettradio tirsdager kl 03:00, 07:00, 11:00, 15:00, 19:00 eller 23:00