Hopp til innhold

Peer på nytt

Torsdag kan du høyre frå ei ny innspeling av Griegs Peer Gynt-musikk med Malmö symfoniorkester og dirigent Bjarte Engeset.

Bjarte Engeset
Foto: Presse

Orkesteret har spelt inn den komplette versjonen av Edvard Griegs scenemusikk til Peer Gynt, ikkje berre suitene som oftast vert spelt. I Ferskvarediskens timelange program torsdag 13. november kl. 14 kan du høyre utdrag frå innspelinga.

I programmet tirsdag 11. november kl 9 kan du høyre musikk av Christian Sinding for fiolin og klaver, spelt av Henning Kraggerud og Christian Ihle Hadland, og Chopins klaverkonsert nr. 2 med kinesiske Lang Lang som solist.

Ferskvaredisken går i NRK Klassisk mandag og tirsdag mellom klokka 9.00 og 10.00, med repriser torsdag og fredag klokka 14.00.