Reiseprogram etter eliminasjonsmetoden
- "På villspor" vil vere eit reiseprogram for heimekjære, eller skal vi seie et reiseprogram etter eliminasjonsmetoden, fortel Opheim.
Bilete: Arild Opheim fortel i "På villspor" elleve laurdager i sommar kva du ikkje bør bruke feriepengane på. (Foto: Jon-Annar Fordal)
- Har du for eksempel høyrt om den australske regattaen som årleg går føre seg i det som ein gong var ei elv? Vatnet er borte, men regattaen består i den tørrlagte elva. Eller kva med voodoo-museumet i New Orleans; det er gratis inngang, men ei lita pengegåve er på det sterkaste anbefalt! Artig å høyre om, men vere der sjølv treng du vel egentlig ikkje, seier Arild Opheim.
Meir - mett eller heilt andre ting
Han vil og gi ei innføring i skikk og bruk for folk på farta. Det som er høflig i eitt land kan vere ein blodig fornærmelse i eit anna land.
Og kva skal du gjere med meir, er mett eller heilt andre ting i forskjellige land. Nesten det einaste som er universelt ved matbordet er at når du setter bestikket i servitøren… ja, så er du ikkje heilt fornøgd.
- Vi kan vel seie det slik at om du er ute i den vide verden og faktisk dumpar oppi noke av det du får høyre om i "På villspor", ja, så veit du at du faktisk er på villspor, seier Opheim.
Ti på "topp"
I ”på villspor” vil han og gje lyarane ti-på-topp-lister dei neppe treng planlegge neste års ferie ut frå, konkurransar, historier, kurs i skikk og bruk, kjendisars spesielle observasjonar.
Alt på direkten elleve laurdager i NRK P1 i sommar.
NRK P1 laurdagar kl 15.10 t o m 20. august.
Kva gjer du gjer med bestikket når du er ferdig med å ete? Korleis du legg frå deg bestikket seier sitt om du vil ha meir, er mett eller tydar heilt andre ting. (Foto: Steinar Lote)