Hopp til innhold

Nyttårsnatt på Gaustatoppen

Ei av dei mest spesielle opplevingane eg har hatt mellom dei 1075 gongene eg til nå har vore på Telemark sitt høgste fjell, og rundt om i skog og fjell elles, er denne:

Gaustatoppen
Foto: Sissel Andersen / NRK

Dette postkortet er sendt inn av Jon Ingebretsen, Vrådal

Som unggut i 1950-åras landsbygdmiljø i heimkommunen min Sauherad i Midt-Telemark, var eg ikkje vandt med nyttårsfeiring med pomp og prakt eller med skrik og skrål, og slettes ikkje med salutt og fyrverkeri.

Det var den djupe og kraftfulle klangen frå klokkene i Sauherad kyrkje , like ved barndomsheimen min, som minna oss om at me sto på terskelen til eit nytt år på nyttårseftan.

Stemningsfull og tankjevekkande

Ein vakker og klar klokkeklang markera på ein enkel og vemodig, men stemningsfull og tankevekkjande måte avskilet med det gamle året.

Som den naturglade, opplevingshungrige og eventyrlystne ungguten eg var, bestemte eg meg for ein gong å prøve ei annleis nyttårsmarkering.

Ikkje fordi at det eg var vandt med ikkje var godt nok, men rett og slett for å oppleve eit enda enklare, men likevel unikt årsskifte, - og da meir i pakt med naturen si mektigheit og skaparverket si imponerande fullkommenheit og prakt.

Orion sitt stjernebelte

Denne spesielle nyttårsnatta på Telemark sitt høgaste fjell, Gaustatoppen, blei ei oppleving eg aldri gløymer.

Høgt oppe i den kalde og klare vinterlufta, med uendelege bølgjande snølandskap som eit kvitt og mektig hav på alle kantar langt der nede. Og over meg ein bogeforma, mørkeblå og vid himmel, overstrødd med glitrande stjerner, og med ein raudgul halvmåne under Orion sitt stjernebelte i sør.

Langt der ute rundt heile horisonten kor himmel og jord møttest, og der ein sjettepart av fedrelandet er innanfor, var det som om all evas landskap tok over. Dei svake og regelmessige lysglimta frå Tryvannstårnet og frå Færder fyr langt i det fjerne signalisera på ein måte grensene for det uendeleg store romet som eg var ein bitte, bitte liten del av i den stille og lyse vinternatta.

Evelege perspektiv

Eg følte meg fri som fuglen midt mellom jord og himmel i eit stort rom, med litt av universet sine evelege perspektiv rundt meg. Dette med eit menneskeleg og jordisk årsskifte blei liksom så smått og puslete oppe i alle desse andre av naturen og skaparverket sine store ting som eg opplevde.

Dette blei enda meir forsterka ved midnatt når eitt år gjekk og eitt år kom, og eg såg menneska sine fyrverkeri som små lysglimt langt borte frå kvar ein synbar stad kor menneska har klamra seg fast til jorda. Alle desse lysa og smella som skulle helse eit nytt år velkomen, blei så dunkle og svake blant alt det storslegne som elles var rundt meg, og som gjorde sterke inntrykk der ute i naturen under ein glittrande stjernehimmel og over ei snødekt og vinterkald jord.

Låg vintersol

Da eg på gnistrande skiføre glei nedetter frå fjellet på føremiddagen den fyrste dagen i det nye året med ei låg vintersol i søraust og ein bleik måne over Hardangervidda sine blåner i vest, følte eg å ha fått perspektiv på det puslete jordiske livet vårt , i relasjon til naturen sine store liner.

Dette hadde vore meir enn ei unik og tankevekkjande nyttårsoppleving, det blei for meg ei vedkjenning av naturen si rike ”nådegåve”.