NRK Sogn og Fjordane vart offisielt opna som distriktskontor 2.oktober 1979. NRK hadde då hatt kontor i Førde frå 1975, og før den tid var Sogn og Fjordane eit delt lydrike mellom Bergen og Ålesund.
NRK Sogn og Fjordane har base i Førde og har lokalkontor i Sogndal og Måløy. Kjenneteiknet til NRK Sogn og Fjordane er ein fjordhest, teikna av kunstnaren Ludvig Eikaas, frå Jølster.
Sidan midten av 1990-talet har NRK Sogn og Fjordane hatt jamt omlag 50 % oppslutning om sendingane i radio, og vi ligg i landstoppen i oppslutning både på radio, fjernsyn og internett.
Kring 40 tilsette har sitt daglede virke med å lage radio, fjernsyn og internett ved NRK sitt distriktskontor i Førde. (Foto: Jon-Annar Fordal)
Sjå biletgalleri NRK Sogn og Fjordane
Pionerkontor
NRK Sogn og Fjordane var pionerkontor både på distriktsfjernsyn og nyhende på internett, og la tidleg stor vekt på å dekke området vårt godt på riksnettet i radio og fjernsyn. Kontoret legg stor vekt på å bruke lokale dialektar og nynorsk i sendingane, og har i mange år vore ein lærstad for nynorskbrukande nyhendejournalistar.
I 2002 vart det foreslått å legge Sogn og Fjordane administrativt under distriktskontoret i Bergen, noko som skapte sterke kjensler og stort folkeleg og politisk engasjement mot at så skulle skje. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland stoppa styrevedtaket om dette i august.
I januar 2003 vedtok styret i NRK at det skulle bli eit Nynorsk kompetansesenter i Førde frå 2004, og at NRK Sogn og Fjordane difor skulle halde fram som sjølvstendig distriktskontor