Hopp til innhold

Norsken lever, i USA

"Eg travla bortover råden for å sjå til skyldfolka". Då to norske språkforskarar reiste på skattejakt til Midtvesten, fann dei gull!

Norskamerikansk nummerskilt

Det norske språket finst overalt i Midtvesten, både på bilar og i kjølediskar.

Foto: Janne Bondi Johannessen, UiO

- Kva språk brukte de på skulen? spør språkforskaren.

- Der snakka me berre engelsk, svarar amerikanske Edna Rude på klingande hallingmål.

Snakka kun norsk heime

Edna og Defloren Rude, Gary, Minnesota.

Edna Rude og ektemannen Defloren kan norsk begge to.

Foto: Janne Bondi Johannessen, UiO.

89-åringen er tredjegenerasjona norskamerikanar, fødd og oppvaksen i Minnesota. Likevel kunne ho ikkje eit ord engelsk fyrste skuledag.

Høyr eit redigert utdrag av Janne Bondi Johannessen sitt intervju med Edna Rude.

- I Midtvesten fann ein tidlegare store område med emigrantar frå Norge. Norsk var kvardagsspråket, ein hadde norske skular, og ein konfirmerte seg på norsk, fortel lingvist Janne Bondi Johannessen.

Slik er det ikkje i dag. Berre eit fåtal av dei aller eldste snakkar framleis norsk.

Kva skjedde? Kvifor snakka dei ikkje norsk med borna sine?

Me kjem attende til svaret, og til Edna Rude.

Fann ein eigen USA-dialekt

- Me trudde ikkje det skulle vere mykje norsk att, men me fann eit levande, flytande norsk!

Janne Bondi Johannessen, UiO

Janne Bondi Johannessen på shopping: 'Made in America with Norwegian parts'.

Foto: Signe Laake, UiO

Janne Bondi Johannessen og vitskapleg assistent Signe Laake er fulle av ferske inntrykk etter to veker i Midtvesten. Opdraget var å undersøke dialektvariasjonar i den amerikanske norsken.

Ei annonse i norskamerikanske tidsskrifter fekk kring 30 personar til å ta kontakt, og ein 3600 kilometer lang biltur seinare sat språkforskarane på mange timar med opptak og intervju.

- Me var innom 5 statar, og sjølv over dette enorme området fann me fleire fellestrekk enn skilnader i språket.

Bondi Johannessen fortel at både uttalen og ordforrådet var ganske likt. Til og med orda som var lånte frå engelsk var dei same overalt.

Høyr intervjuet med Janne Bondi Johannessen og Signe Laake.

Ola Olsen Hatleli og kona Karen Gjertine Eilivsdtr. Høgheim, i Lanesboro, Minnesota.

To av dei ca. 900 000 nordmennene som emigrerte til USA på 18/1900-talet. Ekteparet Ola Olsen Hatleli og kona Karen Gjertine Eilivsdotter Høgheim frå Fresvik i Sogn slo seg ned i Minnesota. Ola og Karen lærte seg aldri engelsk.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Travle, råden, kriken og ænti mi

- Å travle betyr å spasere. Verbet 'å gå, betyr å reise. Seier nokon 'eg gjekk til byen i går', så reiste dei til byen i går. Kanskje var det for langt å travle? seier Bondi Johannessen.

Signe Laake, UiO.

Signe Laake intervjuar Doris Afdahl Elmer. Språkforskarane la vekk Oslodialekta, og brukte spørjeord som håssen, håkken, høkken, koss, å og kor for å bli forstått i USA.

Foto: Janne Bondi Johannessen, UiO.

Engelske the river og the creek er blitt til røvern og kriken. Ein seier ikkje vegen, men råden. Titsjer og fild har erstatta orda lærar og åker.

Dessutan brukar ein gamle ord og uttrykk, som lauskar og skyldfolk i staden for ungkar og slektningar.

I tillegg var det få som beherska høge tal på norsk.

- Årstalet 2003 blei til 'two thousand and tre', fortel Signe Laake.

- Ord for slektskap utover den nære familien var òg vanskeleg. Tanta mi blei ænti mi, frå det engelske aunt.

Norsk lefse i amerikansk butikk.

Lefse lyt ein ha! Ein kjøledisk i Starbuck, Minnesota.

Foto: Janne Bondi Johannessen, UiO.

Eit språk utan framtid

- Dei gamle i kyrkja vår forstår meg, men dei vil ikkje snakke norsk sjølv. Språket blir borte, seier Edna Rude i opptaket.

- Dette er eit døyande språk, fortel Bondi Johannessen.

Kun ein av norskamerikanane dei møtte lærte vidare norsken. Dei andre meinte borna ville tene på berre å kunne engelsk. No døyr norsken med dei.

Norskamerikanarane er nesten norskare enn oss nordmenn. Kvifor er dei ikkje stolte av språket?

- For mange var skulestart ei grusom oppleving. Alt skjedde på eit språk dei ikkje skjøna.

Bondi Johannessen samanliknar det som skjedde med den tidlegare norske minoritetspolitikken. Fornorskinga tok nesten knekken på samiske språk, amerikaniseringa tok knekken på emigrantnorsken.

- 80- og 90-åringane me intervjua voks opp i eit samfunn i endring. Dei norske skulane var borte.

Dei gamle norskamerikanarane ville gjere borna sine ei teneste. Snart lyt ein lytte til opptaka om ein vil høyre den norske emigrantdialekten.

Høyr meir i Språkteigen søndag klokka 09:30

Du finn òg Språkteigen Facebook , på Twitter og som podkast .

Norskamerikanar ved stabbur

Norskamerikanarar er stolte av kulturarven frå gamlelandet. 79-åringen Otto Aaland frå Nord-Dakota bygde sjølv dette stabburet for 3 år sidan.

Foto: Janne Bondi Johannessen, UiO.