Aldri har eldre pasientar blitt rulla inn på Radiologisk avdeling. Lukta av såpe og desinfiserande middel blir erstatta med ein lett eim av elde og støv.
Dei eldste kroppane i Bergen har vore studert lenge, men Bergen Museum har motstått trangen til å vikle vekk dei gamle linbandasjane. I dag får dei lønn for tålmodet, etter berre få minutt tryllar CT-scanneren fram 3500 år gamle ansiktstrekk.
Bak bandasjane dukka eit detaljert og godt bevart ansikt fram.
Foto: Trond Bergesen, Haukeland Universitetssjukehus
Forsiktig faktasjekk
På museum lærer ein mykje rart, men det er ikkje alltid det som blir opplyst faktisk stemmer. Held teoriane til Bergen Museum mål?
Er det ein katt der inne?
Foto: Leif Rune Løland, NRKEi prestedotter, ein mann, ein krokodille og ein katt - eller er det verkeleg ein katt inne under bandasjane?
Frode Storås, fyrsteamanuensis ved Bergen Museum, er ikkje heilt sikker. Det hende nemleg at prestane i det gamle Egypt juksa med mumiane for å tene meir pengar på sal av offergåver.
Kven var dei?
- Røntgenbilete som blei tekne på 70-talet viser at kraniet til mannen er knust. Vår teori er at han var soldat og at han blei drepen av eit sverdslag i hovudet, seier Frode Storås.
Fyrsteamanuensis Frode Storås ved ein av mumiane ved Bergen Museum.
Foto: Leif Rune Løland, NRKSoldaten levde i det 18. dynasti, samstundes med sjølvsaste Tutankh-Amon, og Storås er frykteleg spent på om CT-scanninga vil avsløre dødsårsaken.
Den kvinnelege mumien er av prestedottra Teshemmin, og resultata frå CT-scanneren gir forskarane mange nye spørsmål å grunne på.
Kan ho vere av kongeleg byrd? Lungene ligg framleis på rett plass, og den eine armen er kryssa over kroppen, nesten som hjå kongane.
Høyr kva dei fann ut - reporter Gøril Grov Sørdal er fluge på veggen under scanninga: