– Når lyset byrjar kome og eg får spelt litt god musikk - då er det kjekt. Det er noko med stemninga på morgonen eg likar. Opp klokka 04.15, møte på jobb 05.00, kome seg til studio og med eit smil servere rogalendingane nyhende, sport, musikk, vêr og vind, og ståa i trafikken. Det trivest eg godt med, seier Per Øystein Kvindesland (33).
- Servere rogalendingane nyhende, sport, musikk, vêr og vind, og ståa i trafikken. Det trivest eg godt med, seier Per Øystein Kvindesland.
Gi folk ein god start på dagen
- Klarer eg å gi folk ein god start på dagen, er eg nøgd. Ei god morgonsending vil han skal inneholde gode nyhende, direktesendt reportasje frå ein eller annan stad i Rogaland, besøk av gode gjester og sendinga skal helst få lyttaren til å smile eller le minst éin gong i løpet av dei tre timane han er på lufta.
Trass i sin unge alder har han allereie vore morgonvert i NRK Rogaland i snart åtte år. Grytidleg morgon og forventing om at han skal vere like blid og opplagd kvar gong, skremmer ikkje Kvindesland. Han lagar også ettermiddagsendingar, men det er noko spesielt med morgonen, skal vi tru morgonverten.
Telefonen glødar
Morgonvertane ved NRK Rogaland har god kontakt med lyttarane sine. – Dei er flinke til å ringje inn. Spesielt populær er lyttarkonkurransen på fredagar. Men ingenting slår invitasjon til å melde frå kor varmt det er på terrassen ein sommardag. Då glødar telefonen, fortel Kvindesland.
Medan fjernsynsjournalistar ofte blir kjende over natta, er det ikkje så mange som veit korleis radiojournalistane ser ut. Det plagar ikkje Per Øystein Kvindesland nemneverdig at han ikkje umiddelbart blir attkjend. Men når han pratar med folk, hender det rett som det er at dei dreg kjensle på mannen med haugesundsmålet.
Journalist i magen
Per Øystein Kvindesland hadde tidleg ein journalist i magen og vente seg allereie som 16-åring å stå tidleg opp. – Eg brukte å besøke nærradiostasjonen heime i Haugesund før eg gjekk på skulen. Eg var svært interessert i å sjå korleis dei laga radio. Så eg sat der ofte frå klokka halv sju om morgonen til skuleklokka ringte, fortel han.
Han utdanna seg som journalist ved Høgskolen i Stavanger. Derfra gjekk vegen til NRK kor han starta med praksisplass og seinare fekk fast jobb.
Ut på tur
Sjølv om radio tar opp store delar av tida, har Kvindesland også interesser som ikkje har med eterne å gjere. Han er lidenskapeleg opptatt av fotball. Han speler imidlertid ikkje ball sjølv, men tar heller turskoene fatt og legg ut på tur. Og skulle han bli heime lyttar han til musikk.
– Eg er veldig opptatt av musikk og håper at eg klarer å formidle noko av min musikkglede også til radiolyttarane, seier Per Øystein Kvindesland.
Haugesundsmannen Per Øystein Kvindesland (33) er éin av NRK Rogalands fem morgonvertar. (Foto: Jon-Annar Fordal)