Hopp til innhold

Lærer nurket teiknet for trøytt

Å lage teikn er ofte enklare enn å forme ord med munnen. Difor lærer no mange høyrande foreldre spedborna sine teiknspråk.

Sleeping Beauties - sovende spedbarn og babyer fra boken «Sleeping Beauties»

For smårollingar som dette er det enklare å seie 'sove' med hendene enn med tunga.

Foto: Stephanie Robin/BNPS

- I det siste har det blitt veldig populært å lære teikn til høyrande spedbarn.

Tåteflaske

Kommunikasjon er meir enn ord og tale.

Foto: Colourbox

Det fortel Sonja Erlenkamp, professor i teiknspråk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

- Før ein kan snakke er det lettare å kontrollere muskulaturen i hendene enn i tunga og i munnen. Høyrande foreldre spør meg ofte om dette, og alt tyder på at det lurt å lære små born enkle teikn.

Så det enklaste er å seie mjølk og svolten med teikn når ein er veldig liten?

Ja, svarar Erlenkamp.

- Det er berre å prøve, ingen negative verknader er dokumenterte.

Suverent best på IKEA

- Finst det eit teikn for alt?

- Kvifor er teiknspråket på Madagaskar så likt det norske?

- Kor mange nordmenn kan teiknspråk?

Sonja Erlenkamp

Professor Sonja Erlenkamp heiter noko heilt anna på teiknspråk.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Spørsmål som dette har lyttarane sjølve skrive inn til Sonja Erlenkamp, som denne søndagen vitjar Språkteigen i P2. Ein reknar med at kring 15 000 nordmenn beherskar norsk teiknspråk, og tida vil vise om den nye trenden gjer at talet aukar.

Visste du at norsk teiknspråk kan vere meir anvendeleg enn norsk talespråk?

- Skal ein skru saman ei IKEA-hylle er det best å få forklaringa på teiknspråk, seier Sonja Erlenkamp.

- Teiknspråk er supernøyaktig til å beskrive bevegelse i rommet. På norsk kan ein seie 'ved sida av', men seier ein dette på teiknspråk vil ein aldri vere i tvil om ein snakkar om venstre eller høgre side.

Med eitt enkelt teikn i rett kontekst kan ein seie: 'I den bilen der køyrer eg veldig fort opp ein bratt, veldig svingete oppoverbakke.'

Treng ein Ivar Aasen

Melkekartong

Det finst fleire ulike dialektord for 'mjølk' på norsk teiknspråk.

Foto: Tine

- Det finst fleire dialektar innan norsk teiknspråk, men me veit ikkje heilt kor mange.

Innsamlinga av dialektteikn er i gang, men mykje kartlegging står att.

- Me treng ein Ivar Aasen som går opp dialektgrensene, ler professoren.

- Me veit at dei store dialektane er knytte til dei gamle døveskulane. Borna budde på internatskular store deler av året, så det finst til dømes ein trønderdialekt i norsk teiknspråk.

Teiknet mjølk finst i fleire variantar i Norge, nett som i talespråket. Arbeidet med ei nettbasert ordbok er i gang, og her kan du sjølv slå opp teikna for mjølk:

Ordbok for norsk teiknspråk

Litt hender, mest kropp

- Enkeltteikna ligg i hendene, alt det andre ligg i kroppsspråket. Pausar, spørsmålsteikn, ironi og sarkasme, alt som bitt teikna saman for å gi meining blir vist med kropp og mimikk.

Til og med blunking er viktig.

- Undersøkingar viser at oppimot 75% av all informasjon i teiknspråk ligg i ansiktet, fortel professoren, som sjølv har namnet sitt hengande ned langs ryggen.

I teiknspråkmiljøet er det nemleg vanleg å få eit namn som seier noko om kven du er eller korleis du ser ut. Så sjølv om det står Sonja Erlenkamp i passet, så heiter ho Fletta på teiknspråk.

Her kan du høyre heile intervjuet med professor Fletta:

Del 1 - om teiknspråk for babyar, IKEA, ordbøker og kroppsspråk.

Del 2 - om dialektar, namn, og teiknspråkhumor.

Språkteigen høyrer du på P2 klokka 9.30 søndag morgon.

Du finn oss òg på Twitter og på Facebook .