Hopp til innhold

Knut Borge - verbal idrettsutøvar

Det er jazz til og med når han snakkar. Seier Knut Borge om Harald Heide-Steen jr. Kanskje komplimangen passar på han sjølv også? Ingen snakkar heilt som Harald Heide-Steen jr., bortsett frå russiske ubåtkapteinar – eller som Knut Borge; berre prøv!

Knut Borge
Foto: Svein Jarle Molnes, NRK

Knut Borge protesterer med ettertrykk på samanlikninga med Heide-Steen:

- Nei, jeg eier ikke brøkdelen av den musikaliteten den mannen hadde. Jeg spilte litt piano i ungdommen. Jeg syntes det var kjedelig å høre på. Når du kjeder deg selv når du holder på, har det gått for langt, så jeg sluttet med det.

Fortel litt om barndommen din i Bærum. Korleis oppsto den interessa som seinare vart eit levebrød?

- Musikkinteressen kom via broren min og bestekameraten Finn. Min eldre bror hadde jazzplater. Når han var borte hjemmefra, snek jeg meg inn på rommet hans og satt og hørte på jazz. Og Finns storebror var jazzinteressert. Jeg fikk det fra flere kanter.

Slik blir musikkopplevingar til - Frå Bluesasylet mai 2008

Borgulfsen

Etter økonomisk artium og militærteneste i Luftforsvaret gjekk Knut Borge frå forlag til vekeblad til avis – han var fem år i VG – før han fekk eit bein, om det ikkje var to, innafor i Underhaldningsavdelinga i P1 den tida Rolf Kirkvaag var sjef der. Når radiokarrieren skaut fart, skuldar Borge på at han hadde gode folk rundt seg. Totto Osvold, underhaldningssjef etter Kirkvaag, førte han saman med dei rette personane: Torkjell Berulfsen (Borgulfsen: halvparten Borge, halvparten Berulfsen, symbiose med synergieffekt, ordekvilibrisme med musikk, NRK radio 1984-1995), den svenske jazzelskaren Leif ”Smokerings” Anderson - i 13 år, frå 1985 til 1998, pendla Borge og Anderson annakvar veke mellom Malmø og Oslo for å lage Swing & sweet - så var det Hanne Skrikerud, Hilde Hummelvoll, Lars Nilsen, Eyvind Solås, Tore Skoglund, Knut Reiersrud.

- Dei tidlegare Beatles fekk stadig spørsmål om gruppa kom saman igjen. Du får også eit liknande spørsmål?

- Ja, om Borgulfsen gjenoppstår. Det var moro, ett av høydepunktene i karrieren min, men alt har sin tid. Det finnes vel ikke sånne par som har holdt sammen for livet. Tenk deg Harald Eia og Bård Tufte Johansen på Tåsen aldershjem i 90-årsalderen. Bing & Bringsværd holder sammen, men med moderasjon.

Knut Borge i Frokost-tv, NRK1, 1985
Foto: NRK

Borge på hyttetur - Frokost-tv påska 1985

Verbalt ballspel for to

er den sportsgreina Knut Borge er best i. Han sa seg ein gong villig til å delta i Holmenkollstafetten, bak eit bilvindauge - nedrulla for betre kontakt med løparane. Friluftsliv er ikkje å forakte; han er ofte sedd spaserande, og broren har båt. I det verbale ballspelet tek han dei fleste innspel og kan både hovudspelet og dribleteknikkane; ballen hamnar ikkje på bakken før Borge i rett sekund legg han tydeleg død.

- Er forma eller innhaldet viktigast for å skape eit godt radioprogram?

- Form? Innhold? Jeg vet ikke hvor det ene slutter og det andre begynner. Jeg følger et slags instinkt, og prøver å bringe inn humor som virkemiddel i en setting som i utgangspunktet ikke er humoristisk, å porsjonere ut humoren med gramvekt i små, men tydelige innslag - og selvsagt med kunnskap i bånn.

Kunnskap i bånn

- det spørst om vi ikkje her er ved ei forklaring på suksessen til Knut Borge: å ha brennande interesse, for ikkje å seie kjærleik til eit emneområde, slik at erverva kunnskap om emnet, kopla med å vere allment orientert, gir grunnlag for å fortelje alle dei små historiene som til saman kanskje blir ei større historie, litt på same måten som yndlingsforfattarane hans gjer.

- Kan du tilrå tre bøker for lyttarane og lesarane våre?

- Jeg er ikke så mye opptatt av enkeltbøker som av hele forfatterskap, bøkene til Knut Hamsun, den polsk-amerikanske forfatteren Isaac Bashevis Singer. Jeg er en grenseløs beundrer av Alf Prøysen - og får jeg lov, tar jeg med en fjerde: den finske forfatteren Kjell Westö, som flere ganger er innstilt til Nordisk råds litteraturpris.

- Kva gjer du når du ikkje er på jobb?

- Jeg vet aldri om jeg er på jobb eller er fri. Jeg liker å lese. Løser Dagbladets magasinkryssord hver lørdag. Før gikk jeg tur med Peggy.

- Kva høyrer du sjølv på radio?

- Massevis. Jeg er pasjonert radiolytter. P2, NRK Alltid nyheter, Nrk Gull, litt P1, Jazzradioen. Radioteater er toppen. Nyheter og magasinprogrammer. Nostalgia. Hallo i uken...

- Kva har du elles å tilrå radiolyttarane?

- Lytt på P2! Slutt opp om P2! Vær glad for at det finnes en slik radiokanal!

Sorg

- Kven er Peggy? spør eg på vegner av dei uinnvigde, og får vite at Peggy døydde for eitt år sia. Denne mopsen, som Borge av og til let seg avbilde med, vart nesten ein del av hovudpersonen, og deltakar i sorga då Knut Borge mista kona etter at ho hadde ført ein heltemodig kamp mot kreftsjukdommen.

- Har du nok? spør intervjuobjektet då mobilen minner han på neste post på dagsprogrammet. Han har svart ope og ikkje synleg overberande på alle spørsmål.

Nokre kjendisar er jålete og sjølvopptekne til fortrengsel for alt og alle. Kjendisen Knut Borge er snarare oppteken av alt og alle. Humoren hans har klangbotn i heile spekteret av menneskelege erfaringar, og han meiner det når det er 20 spørsmål og han rosar sitt kjære PUBLIKUM. Publikum inspirerer og skaper nerve. Derfor gler han seg til Studio Sokrates i Alexandraparken når Moldejazz er i gang, og tilsvarande arrangement frå Hamsun-dagane på Hamarøy. Publikum kvitterer for kvalitet. Riksmålsforbundets og Lytterforbundets ærespris er berre ei stadfesting av det publikum har fortalt han utan å bruke ord. Det er han, Knut Borge, som veit kva ord som skal brukast, og kva ord som kan parkerast for å sleppe å bli misbrukte.

Høyr Knut Borge i NRK P2 i sommar i...

  • Moldejazz - direktesendt festivalstudio frå Alexandra-parken tysdag 15. til fredag 18. juli kl. 11.03
  • Jazzlosen med Hanne Skrikerud laurdagar kl. 18.05 og tysdagar kl. 14.03 frå 12. juli
  • Studio Sokrates : "Øl og filosofi", del 1 og 2, laurdagane 19. og 26. juli kl. 13.30 og 22.30, frå jazzfestivalen i Molde
  • Studio Sokrates: "Knut Hamsun og psykoanalysen", del 1 og 2, laurdagane 9. og 16. august kl. 13.30 og 22.30, frå Hamsundagene på Hamarøy
  • Studio Sokrates resten av sommaren: "Jazz og filosofi i Berlin"