Hopp til innhold

Kan du Avatar-språket?

Nga yawne lu oer! Slik seier dei 'eg elskar deg' på Pandora. Men kva meir seier dei? Fansen tryglar om fleire na'vi-gloser.

Avatar
Foto: 20th Century Fox / Scanpix/AP

Høyr reportasjen frå Språkteigen.

Na'vi-språket er snart like polulær som filmen det blei skapt for, men då lingvist Paul Frommer skapte språket, stogga han etter berre 1000 ord.

Det er på langt nær nok for ein fanskare som gjerne vil snakke med kvarandre på Avatar-språket.

’Eg ser deg, syster’

Avatar
Foto: 20th Century Fox, File / Scanpix/AP

Du finn dei på nettforum som Facebook og Youtube, der dei diskuterer uttale og grammatikk.
Og dei som alt meistrar na’vi-språket frå planeten Pandora deler gjerne kunnskapen med andre:

- Korleis seier ein ’Du er mi hjartesyster’? spør eit medlem på Facebooksida The Na'vi Language
Svaret kjem kjapt:
- Du kan seie ’Nga lu oeyä tsmuké mì te'lan oeyä’, eller du kan seie ‘Nga lu tsmuké oeru txe'lanmì oeyä’, som tyder noko slikt som ’du er ei syster for meg i hjartet mitt’.

James Cameron styrer skuta

Regissøren av "Avatar" James Cameron

Avatar-regissør James Cameron avgjer om Paul Frommer får utvide na'vi-vokabularet.

Foto: AFP PHOTO / Robyn Beck / Scanpix/AFP

Skaparen sjølv, Paul Frommer, vil gjerne utvikle språket vidare, men det er regissør James Cameron som styrer skuta. Det kjem klart fram av denne meldinga frå Frommer , som han sjølvsagt les på na’vi:

«Ayeylanur oeyä sì eylanur lì'fyayä leNa'vi nìwotx:
Oel ayngati kameie, ma oeyä eylan, ulte ayngaru seiyi irayo. Fpole' ayngal oer fìtxan nìftxavang a 'upxaret stolawm oel. Lì'fyari leNa'vi oel 'efu ayngeyä tìyawnit. Ulte omum oel futa tìfyawìntxuri oeyä perey aynga nìwotx.»

«Til alle mine vener og vener av na'vi-språket.
Eg ser dykk, mine vener, og eg takkar dykk. Eg har høyrt den intense bodskapen de sende meg. Eg kjenner kjærleiken dykkar for na'vi-språket, og eg veit de ventar på at eg skal vise dykk veg.»

Vidare fortel Frommer at han ventar på løyve frå filmskaparane, og at han gjerne vil utvikle språket vidare om han får lov.

Kjem nærare den fiktive verda

Pål Kristian Eriksen og Sonja Erlenkamp

Pål Kristian Eriksen skapte sitt eige språk på gymnaset. Sonja Erlenkamp sitt favorittspråk er huttese.

Foto: Henning Olstad / NRK

- Fansen vil lære språket fordi dei identifiserer seg med individa på filmlerretet.

Det fortel Sonja Erlenkamp, språkprofessor ved Høgskulen i Sør-Trøndelag. Hennar favoritt er Huttese, eit språk frå Star Wars-filmane.

- Konstruerte språk er ikkje noko nytt fenomen. Ei av våre eldste kjelder er frå 1150, og sjølvaste Hildegard von Bingen laga eit eige språk, Lingua ignota .

- Det som no skjer med Avatar såg me òg etter Ringenes Herre. Dessutan er klingon-språket frå Star Trek-universet blitt veldig stort.

Høyr J. R. R. Tolkien lese på alvespråk.

Verd ein Oscar?

Paul Frommer

Fansen tryglar lingvist Paul Frommer om å utvikle na'vi-språket vidare.

Foto: USC Marshall School of Business

Filmen Avatar, der det blå folket på Pandora kjempar mot grådige menneske som er ute etter naturressursane deira, er nominert til heile ni Oscarprisar.
Om det var ein eigen Oscar for konstruerte språk, ville lingvist Paul Frommer fått med seg ein pris heim?

- Eg meiner det er ein god vinnarkandidat.
Det seier språkforskar Pål Kristian Eriksen, som har sett nærare på strukturen til na'vi-språket .

Som Sølvpilen og Månestråle

- Na’vi er bygd opp av element ein kjenner frå ekte språk verda over. Ejektivane, dei små, smellande lydane, finn me att i fleire indianarspråk, som hjå Kiowa-indianarane, ei kjend folkegruppe for lesarar av teikneserien Sølvpilen.

Dessutan finn ein infiks i na’vi. Medan me nordmenn kjenner suffiks og prefiks, som –en i bilen og u- i ugras, vert eit infiks brukt midt inne i ordet.

- Skulle ein bøygd det norske verbet ’å snakke’ med infiks, så ville det blitt snerakke-snetakke, ikkje snakker-snakket, seier Eriksen.

Streiketegn på tegnspråk

Na'vi brukar inklusiv og eklskusiv, grep ein finn att i norsk teiknspråk.

Foto: illustrasjon / NRK

- Frommer har brukt så mange ulike element at nesten alle finn noko dei kjenner att frå sitt eige språk. Det er genialt, seier Sonja Erlenkamp. Ho finn til og med noko i na’vi som liknar på norsk teiknspråk.

Maoriane på New Zealand meiner na’vi liknar på deira språk.

Na'vi liknar på maori

Draumeoppdrag

Korleis ville Erlenkamp gått fram for å konstruere eit språk til ein film?

- Det hadde vore eit supert oppdrag. Paul Frommer har gjort ein veldig god jobb fordi språket passar til jungelfolket på Pandora. Publikum ventar å høyre noko som stemmer med det dei ser.

- Så lyden av språket må passe til karakterane?

- Ja, det er veldig viktig. Ta språket til krigarfolket klingon i Star Trek, det er fullt av harde, gutturale lydar laga baki strupen.

Språket klingon har utvikla seg voldsomt sidan det blei skapt for Star Trek i 1984.
The Klingon Language Institute i Pennsylvania, USA, har i dag 2500 medlemmer frå over 50 land. Språket utviklar seg stadig, og i dag finn du både bibelen og Hamlet på klingon .

Hamlet på na’vi?

Shakespeare er like in i dag som for 400 år siden

Hamlet er alt omsett til klingon. Kan me om nokre år lese Shakespeare på na'vi?

Foto: NTB / AP

- Pål Kristian Eriksen, kan me lese Hamlet på na’vi i framtida?

- Om Paul Frommer utvidar ordforrådet så… Kvifor ikkje?

Sonja Erlenkamp er ikkje like optimistisk:

- Sjølv om grammatikken er på plass så er det ei stor utfordring å ta språket vidare til tekstskaping, så det er alt for tidleg å omsetje litteratur til na'vi.

Kor lenge vil det blå folket frå Pandora fengsle sitt publikum? Skal språket utvikle seg, så må det brukast.

Språkoppskrift på nettet

Vil du prøve deg som språkskapar?
Det er berre å setje i gang, oppskrifta finn du her:

Slik lagar du eit språk:

Språkteigen finn du på NRK P2, kvar søndag klokka 0930. Programmet går i reprise mandag klokka 2330.

Her finn du Språkteigen som podkast: http://podkast.nrk.no/program/spraakteigen.rss

Du finn oss dessutan på Facebook , og på Twitter .