Hopp til innhold

Kallenamnet skjemmer ingen ?

Kva har Rimi-Hagen, Hjallis, Drillo og Jern-Erna til felles? Dei ber på kallenamn slik nordmenn har gjort det i uminnelege tider.

Erna Solberg
Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Kallenamn


- 'Hannkatten' fekk namnet sitt fordi han likte jenter så godt.
- Ei dame heitte 'Flisa' fordi ho hadde så korte bein. Då ho gjekk ned trappa kom rompa borti trappetrinna, og ho fekk flis i baken.

Elevane ved Bruvik skule på Osterøy har nokre klare favorittar blant dei 123 kallenamna dei har samla inn. Slett ikkje verst fangst, med tanke på at det berre bur kring 400 sjeler i vesle Bruvik .

- Me kjenner til skikken med kallenamn heilt attende til vikingetida. Me finn kallenamn i Snorre, seier Ivar Utne, namnegranskar ved Universitetet i Bergen .


Gamle kallenamn er fornamn i dag:

Norrøne bokstaver

Norrøne bokstaver

- Me reknar dessutan med at fleire av fornamna me kjenner frå norrøn tid har oppstått som kallenamn. Kåre betyr krølltopp, kanskje det starta som eit kallenamn?

Ivar Utne jobbar med ei bok om namn, og eitt av emna han tek opp er kallenamn. I denne utgåva av Språkteigen kan du høyre meir om kallenamna, og du får dessutan forklaringa på kallenamna Nattoget og Sidevogna.

I same sending vitjar me Skranevatnet skole i Bergen , ein av fire ungdomsskular der åttandeklassingane no kan velje kinesisk som andre framandspråk.

Dessutan kjem professor Gunnstein Akselberg innom for å svare på lyttarspørsmål om bergensk.

Språkteigen på Facebook

Språkteigen på Twitter

Språkteigen som podkast


Hør Språkteigen i NRK P2, sundag 17/10 kl. 09.30 og måndag 11/10 kl. 23.30.
Programleiar er Gøril Grov Sørdal.