Jacques Brel - eit liv i rørsle

Jacques Brel og Edith Piaf vart begge gravlagde den 14. oktober, med femten års mellomrom. Begge desse formidlarane av fransk visekunst har på ein måte blitt større etter sin død. Tretti år etter at han døydde sel Brel 200 000 plater i året berre i Frankrike; det er fleire enn Piaf.

9. oktober 2008: Brels enkje ved grava hans i Atuona i Fransk Polynesia

9. oktober 2008: Enkja etter Jacques Brel, Therese Miche Michielsen, ved grava hans i Atuona i Fransk Polynesia. I bakgrunnen ein fransk minister, journalistar og øybuarar som var med på markeringa av 30-årsdagen for Brels død. Brel budde på Hiva Oa, ei av Marquesas-øyane, dei tre siste åra han levde.

Foto: GREGORY BOISSY / AFP
Oktober 2008: Ein av gitarane til Jacques Brel på auksjon

Oktober 2008: Ein av dei mange gitarane til Jacques Brel på auksjon hos Sotheby's

Foto: PATRICK KOVARIK / AFP

Populariteten viser seg på mange måtar. I samband med 30-årsmarkeringa nyleg for Brels død vart pipa og lommeboka hans med meir lagt ut til auksjon hos Sotheby’s. Eit skrivehefte med teksten til ”Amsterdam”, ei av dei mest kjende visene, vart selt for 148 000 dollar.

I programmet for konsertserien på Olympia i 1961 har Edith Piaf skrive denne presentasjonen av Brel: ”Han går til botnen av sine krefter, fordi songen er sjølve livsgrunnlaget hans, og kvar strofe treffer deg midt i ansiktet og etterlet deg litt groggy.” Om dette passar på Brel, passar det nok endå betre på Piaf.

Eit liv i rørsle

Oktober 1966: Jacques Brel under avskjedskonserten på Olympia i Paris

Oktober 1966: Jacques Brel under avskjedskonserten på Olympia i Paris

Foto: - / AFP

Etter femten år på ein så å seie samanhengande turné for å utbreie det han hadde på hjartet, det han sjølv kalla femten års kjærleik – til publikum - heldt han avskjedskonsert på Olympia music-hall i Paris hausten 1966. Seinare sette han opp musikkspelet ”Mannen frå La Mancha”, bygt på ”Don Quijote”, og prøvde å skape seg ein ny karriere som filmskodespelar og regissør før han ramma av lungekreft slo seg ned på stillehavsøya Hiva Oa for å leve det enkle livet han lenge før hadde skildra i visa ”Une île” (”Ei øy”).

Brüssel oktober 2008: plakat for ein film laga av Brels dotter France

Brel hadde eit hat-kjærleiksforhold til Belgia og belgiarane. Dottera, France Brel, har laga utstillinga og DVD-en 'J'aime les Belges' (Eg elskar belgiarane) i samband med 30-årsmarkeringa i oktober 2008.

Foto: DOMINIQUE FAGET / AFP

”Det som tel i eit liv, trur eg, er intensiteten du lever med, ikkje kor lenge du lever,” sa Jacques Brel. Jacques Brel levde i 49 intense år, og intensiteten hans kunne opplevast ikkje minst når han sto på scena. Som hos Piaf opnar songen for ei forvandling, for ei ny overtydingskraft og ein total identifikasjon med rollefiguren, og publikum blir forført på nytt for kvart nummer.

Mennesket er skapt for å vere i rørsle, sa Brel, og gjennom kunsten sin viser han kva som skjer når vi blir stilleståande og mistar den nysgjerrige trongen til å finne ut av ting – ”aller voir”. Vi blir besteborgarar, bigotte, hyklarar. Samtidig er det med djup medkjensle og innleving han framfører teksten om dei gamle, ”Les vieux”, som har ein stadig mindre aksjonsradius: frå senga til vindauget, frå senga til lenestolen og så frå senga… til senga. Mens pendelen på bestefarsuret seier ja, seier nei, og ventar på dei. Ventar på oss.

Gjennom fem radioprogram skal Eivind Bøksle utdjupe kva det er som gjer Jacques Brel stadig like aktuell tretti år etter sin død.

P2-artist i veke 42: Jacques Brel

  • måndag 13. til fredag 17.oktober kl. 9.30 og 19.00

Programleiar: Eivind Bøksle
Hør Ukas P2-artist i nettradio

Biografi, diskografi, aktualitetar m.m.: Éditions Jacques Brel