Hopp til innhold

JA! på innpust - IKKJE typisk norsk

Bekymra utlendingar trur nordmenn gispar når me seier JA! eller NEI! på innpust. Typisk norsk? Slett ikkje!

Plystrer
Foto: Eranga Jayawardena / AP

- Eg blei sjølv forbausa over kor utbreidd fenomenet er. Folk snakkar på innpust over heile verda, på alle kontinent og i alle språkfamiliar.

Det fortel språkteknolog Robert Eklund. I heimlandet hans Sverige seier dei òg ja! og nei! på gispande innpust. Der trur dei fleste dette er typisk svensk. Men då Robert Eklund for åtte år sidan starta å granske fenomenet for moro skuld, så dukka det opp overalt.

Robert Eklund

Etter 8 år høyrer språkteknolog Robert Eklund kvart einaste innpustord i samtalar rundt han.

Foto: Privat

Heile setningar på innpust

- «Eh, eg veit ikki» seier ei kvinnestemme frå Færøyane. Kvart einaste ord er sagt på innpust. Gispet frå havet i vest er ein av mange stemmeprøvar Eklund har fått tilsendt frå kolleger verda over.

Eklund si innpust-side

- «Aye aye, I ken» seier ein skotte, delvis på innpust, delvis på utpust.

- I Finland avsluttar ein gjerne ei setning sjølv om ein går tom for luft. Har ein att fire ord i setninga, så tek ein dei på innpust.

Høyr innslaget i Språkteigen:

Den vanskelege s-lyden

Det tekniske navnet på fenomenet er pulmonisk ingressiv tale. Men ikkje alle lydar er like enkle å få til på innpust:

- Det er fullt mogleg å snakke berre på innpust, men nokre lydar er vanskelege å få til. Taleorganet vårt er ikkje skapt for å lage s-lyden på innpust. Den blir veldig ulik utpust-s'en, seier Eklund.

Språkteknologen forskar på neurokognisjon ved Karolinska Institutet. I tillegg utviklar han automatisk talegjengjenningssystem for Voice provider.

Til det svenske magasinet Språktidningen fortel Eklund at det er forska lite på innpustprating, men han kan blant anna vise til ei norsk hovudfagsoppgåve frå Universitettet i Bergen.

Nazuki Kobayashi undersøkte det norske innpust-ja'et.

JA! frå Delfi

- Den vanlegaste bruken er den me har i Norge og Sverige, der me stadfestar at me lyttar ved ubevisst å gispe ja! og nei!, seier Eklund. Men det finst òg døme på bevisst innpustprating.

- Den eldste bruken er truleg sjamansk. I Canada , i Newfoundland og på Fillippinane gjer ein dette om ein vil skjule identiteten sin. Fleire kjelder nemner dessutan at oraklet i Delfi truleg snakka på innpust.

Fenomenet er ikkje utbreidd i Sør-Europa. Der haustar nordmenn forbausa og bekymra blikk der me gispar oss gjennom setningane våre. Men Eklund har funne att pulmonisk ingressiv tale i land som Latin-Amerika, Afrika, New Zealand, Japan, Kina og India.

Men særleg eitt område peikar seg ut. I Baltikum, Skandinavia, Island, Færøyene, Newfoundland, Maine og Massachusets vil ingen bekymre seg om du gispar eit ja. Der gjer dei det sjølv.

Hugs Språkteigen søndag!

Robert Eklund

Robert Eklund finn innpust-lydar i dyreverda òg. Denne geparden mel både på ut- og innpusst.

Foto: Privat