- Politiet lyg
Toska er sikker i sin sak om at det var han som tipsa politiet om kor maleria var: ”Sjølvsagt var det meg. Eg er jo meisterhjernen! Eg har venta lenge med å fortelja kor bileta var fram til ein passande dusør dukka opp” fortel Toska i eit intervju. Han har òg ein teori om kvifor politiet seier det ikkje var Toska som tipsa: ”Dei vil ha sjokoladen sjølv!” seier han.
"Mesterhjernen" Toska er kjent for sin sjokoladehunger. (Alltid Moro, Originalfoto: Scanpix)
Store planar for sjokoladen
Og kva har han så tenkt å gjera med sjokoladen? Toska har fleire planar. ”Eg kan jo ikkje spisa all sjokoladen før han går ut på dato, men eg antek at eg, med litt hjelp frå advokaten min, klarer halvparten innan to år. Resten er eg ikkje heilt sikker på. Det er mogleg at eg kler cella mi med sjokolade, for å få litt god lukt og litt farge der, for tru meg: fengselsceller er keisame! Og eg reknar med at eg kjem til å vera i cella ei stund. He-he” fortel ein glad og nøgd Toska.
Advokaten får endeleg betaling
Advokat Øystein Storrvik er glad på vegne av klienten sin. ”Jo, David har alltid vore glad i sjokolade, og me trur han kjem i sitt rette element med ei celle laga av sjokolade. Han har óg tenkt å betala meg med sjokolade, noko eg og ungane mine set stor pris på! Advokatjobbing gjer så utruleg lite inntekt at eg er gla for å gje dei tolv ungane mine litt mat på bordet.”
Politiet positive
Politiet seier på si side at dei ynskjer å leggja seg opp i sjokoladedusøren til Toska. Dei seier dei bryr seg fint lite om kva fangane har med seg inn i cella, så lenge det ikkje er heimebrent. Fangane har óg lov å innreda cella si som dei sjølv vil, og ser derfor ikkje noko problem med at Toska har sjokolade på veggane. ”Ein annan dekorerte cella med dynamittkubbar. Ein har jo kvar sin smak, og vi legg oss ikkje opp i sånn” seier ein anonym talsmann for politiet.
Til slutt ynskjer Toska å leggje til, at viss noko sjokolade vert til overs, ser han ikkje noko imot å donera litt til trengande barn i Afrika.
---
(Innsendt av Carina Bringedal)