- Det er langt mellom dei verkeleg gode utanlandske utgjevingane for tida. Samstundes kjem det mykje god norsk musikk. Då det bare var ei utanlandsk låt på A-lista forrige veke, var det derfor ikkje vanskeleg å byte den ut med ei norsk slik at vi fekk ei heilnorsk A-liste, seier musikksjef Per Ole Hagen i P1.
A-lista er ifølgje musikksjefen ei ferskvareliste for musikk. Den skal reflektere det beste av ny musikk.
Også på B- og C-lista dominerer norsk musikk denne veka. På B-lista er 10 av 11 og på C-lista er 8 av 9 songar norske.
NRK har ei målsetting om at minst 40 prosent av musikken på NRK P1 skal vere norsk. Minst 30 prosent av musikken skal også vere norskspråkleg.
Songane på A-spelelista blir spelte åtte til ni gonger i ulike program på NRK P1 i løpet av den veka dei er på lista.
A-speleliste NRK P1 veke 13
Minor Majority (Pål Angelskår)- Alison
Elvira Nikolaisen — Love I Can't Defend
Helene Bøksle — Natta Vi Har
Henning Kvitnes - a) Guttær, b) En god dag, c) Øst for alle elver, d) et kyss til
Jonas Fjeld — Vinterbarn
Lars Bremnes — Hard Verden
Lars Lillo-Stenberg — Visa Om Løgna
Maria Mena — Just Hold Me
Marit Larsen — Don't Save Me
Sturle Andersen — Café Pasjon
Vidar Vang — Stand Up