Er Finn-Erik ein gretten gammal gubbe, eller språk-Norges siste ridder?
Då Språkteigen skreiv dette på Twitter kom svaret sporenstreks:
Han er definitivt ein ridder! tvitrar Grete Øyna.
Akkurat det er det delte meiningar om. Dei siste tiåra har Finn-Erik Vinje vore på kant med alle, frå riksmålsfolket via samnorskingane til målfolket.
Vasskiljet Vinje
Finn-Erik Vinje deler det norske språkfolket i to. Der han haustar ivrig applaus i den eine leiren, ristar dei oppgitt på hovudet i den andre.
- Eg er ikkje redd for å legge meg ut med folk. Det er artig med liv og røre, og litt misnøye gjer meg ikkje søvnlaus, seier Vinje, som er pensjonist på fjerde året.
- Eg har vore mykje morsk, både mot Språkrådet, Noregs Mållag og NRK. Dess eldre eg blir, dess meir frittalande blir eg. No treng eg jo ikkje lenger ta omsyn til karrieren.
- Er det befriande? spør
.- Ja, veldig. Eg kjenner meg heilt fri no, og det har eg stor glede av.
Profesjonell grinebitar
- Kritikken går på alle sider av språket i NRK. Eg er profesjonelt misnøgd, ein grinebitar! Finn-Erik Vinje, 1984.
Vinje seier altså sjølv han er ein grinebitar, men er han ein gretten gammal gubbe?
- Gammal, ja. Men gretten? Nei, eg er då som regel blid?
Men han er ikkje blid på leiinga i NRK. Mellom 1971 og 1991 var Vinje språkkonsulent i NRK, ein innsats han har karakterisert som spilt møye.
- Eg fekk aldri den merksemda eg ynskte meg i NRK, og eg har kraftige innvendingar overfor leiinga i dag. Dei ynskjer ikkje lenger at NRK skal vere eit språkleg forbilde.
Ein lyttar spør kvar Finn-Erik Vinje ikkje har lukkast.
- Eg måtte gi tapt for utviklinga i NRK. I dag driv mange sin eigen, private språkpolitikk framom mikrofonen i kringkastinga, og det er ikkje bra.
Høyr heile intervjuet her:
Lyttarane bestemmer
Når Finn-Erik Vinje vitjar Språkteigen søndag 27. juni, er det lyttarane sjølve som stakar ut kursen. Det er deira spørsmål professoren skal svare på. Her er nokre døme:
- Er du i slekt med Aasmund Olavsson Vinje?
- Korleis går det med språkvasken av Grunnlova?
- Finst det dialektar i Norge du ikkje forstår?
- Tek du ein «Willoch» og blir meir raus og fornuftig etter at du pensjonerer deg?
- Pleidde du å rette på språket til borna dine?
Gir seg aldri
Mange nordmenn sender framleis inn spørsmål om språk til den pensjonerte professoren. Journalistane treng truleg peikefingeren hans òg i åra som kjem. Dessutan er 74-åringen blant våre ivrigaste språkbloggarar.
Spørsmålet frå lyttar Marit Holmkvist Fenne får Vinje til å le høgt: Skal han ikkje gi seg snart?
- Nei! Eg har bra kondis, og eg held koken framleis. Så dessverre, eg kjem nok til å halde det gåande ei stund til.
Språkteigen høyrer du på P2 søndag klokka 9.30 og mandag klokka 23.40.
Har du eit spørsmål?
I vekene som kjem vil fire andre sommargjester vitje Språkteigen:
4. juli: Bodil Aurstad, nordisk språkkoordinator. Om språkforståing i Norden, om svorsking, om skilnader og fellestrekk ved dei nordiske språka.
11. juli: Sonja Erlenkamp, professor i teiknspråk, Høgskulen i Sør-Trøndelag. Om teiknspråkhumor, ordbøker og om å drøyme på teiknspråk.
18. juli: Ingerid Stenvold, nyhetsanker i Dagsrevyen. Om språket i NRK og om dialektbruk i eteren.
25. juli: Sylfest Lomheim, avtroppande direktør i Språkrådet. Kva skal han snakke om? Du bestemmer!
Det er framleis rom for fleire spørsmål til Ingerid Stenvold og Sylfest Lomheim. Skriv til teigen@nrk.no, og merk brevet 'Sommarteigen'.
Du finn oss òg på