Hopp til innhold

Nordafjells i Moskva

– Noko av det største me har opplevd på scena, seier Øyvind Sandum i det dei går sveitte backstage. I Folkemusikktimen høyrer du korleis det gjekk når Nordafjells møter publikum i Moskva.

Nordafjells

Konserten fann stad under EBUs Internasjonale Folkemusikkfestival som vart avslutta forrige veke.

Stor suksess

For dei fem norske gutane viser opphaldet seg å bli eit heftig møte… Den dagen Nordafjells er på scena, er 7000 menneskje ute i parken med Eurofolks gigantiske scene. Nordafjells får igjen vise at dei klarer å hekte publikum på kroken. På siste songen reiser publikum seg for å danse. Tysk radio vil kringkaste kvart minutt og dei andre radiostasjonane meiner Norge har hatt stor suksess med Nordafjells.

NRKs Folkemusikkfinale

I april var Nordafjells blant dei siste fire finalistane i NRKs Folkemusikkfinale. Finala var i Studio 19, NRK Marienlyst. Juryen Berit Opheim, Carl-Petter Opsahl og Sigbjørn Nedland vurderte kven av dei fire finalistane som skulle gå vidare til Russland.

Juryen var einige og uttalte: - Vinnaren kombinarar tradisjon med nyskaping. Rustikk, klang og rytmisk puls blir kombinert med ein nydeleg tone og utrykksfullhet i spelet. Rik på detaljar. Ein levande kommunikasjon seg i mellom som smeltar saman til eitt uttrykk ut til publikum. Me merkar at gruppa har spelt i hop ganske lenge, uttalte juryformann Berit Opheim.

Premien:

Fem gutar jubla i takt med applausen som den fullsatte salen med publikum gav. Premien var på 15.000 kroner + reise og opphald i Russland + spele 1 times live konsert på EBU sin Internasjonale Folkemusikkfestival i Moskva 25.-27. juli. Konserten kan nå ut til nærare 650 millionar radiolyttarar i Europa.

Nytt og gammalt

Tradisjon og eksperimentering. Folkemusikk og gamaldans. Nordafjells har spelt saman i nesten 10 år. Felespelar Andreas Bjørkås komponerar mesteparten av musikken dei framfører. No er dei i gang med sin andre cd. Sterke solistar med tradisjonsområde Oppdal og Vågå.

Nordafjells:

Andreas Bjørkås (fele), Øyvind Sandum (trekkspel/torader), Even Røhjell (trekkspel) Knut Sneve (kontrabass), Gaute Iversen (gitar).

Les meir: www.nordafjells.com . Kontaktperson: Even Røhjell tlf: 97 09 33 59.

Om du har lyst å høyre programmet igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen og så velger du sendedato 10.august. Tips/ kommentarar/ spørsmål, send e-post til: folkemusikk@nrk.no .

Programleiar Tone Jorunn Tveito