Hopp til innhold

Kvedar med popideal

- Eg likar når eg får bruke heile spennet mitt, seier kvedaren frå Rysstad i Setesdal...

Festivalpublikum
Foto: ill. Colourbox

Kvederen Kim André Rysstad

Kvederen Kim Andre Rysstad. Fra Eikerapen 2007.

Foto: Tor Olav Rydlene

Kim Andre Rysstad innrømmer at forbileta er mange, i det han sveitt går av scena på Folkets hus. Folkemusiktimen sender frå "tett-på-stemning" under årets Bylarm. Der kved Kim Andre m.a. balladen om Ridebold og Gullborg til 300 lydhøyre publikum midt i pophysteriet.

Martine Lund Hoel og hardingfela si.

Martine Lund Hoel og hardingfela si.

Foto: Ukjent

Allereie før hennar fyrste album kom ut, var det stor etterspørsel etter musikken til tjueseksåringen Martine Lund Hoel. No gjev hardingfelespelaren, komponisten og vokalisten ut debutalbumet sitt "Hidden Shore" i USA. Korleis klarte ein ung platedutant fra Gjøvik å få internasjonal merksemd?

Og kva hendte eigentleg med Førnesbrunen? Folkemusikktimen dreg tankane tilbake til svartedauden…

Tips/kommentarar til Folkemusikkredaksjonen kan sendast på mail: folkemusikk@nrk.no

Hør Folkemusikktimen i NRK P2, sundag 22/3 kl. 18.03
Programleiar er Tone Jorunn Tveito.


Hør Folkemusikktimen i nettradio
Hør NRK P2 direkte her