Frekvensoversynet tek utgangspunkt i kvar radio- og TV-sendarane er fysisk plasserte. Nokre stader er det betre mottak frå sendarar i nabokommunar eller nabofylke. Dette gjeld særleg Østfold og Vestfold og grenseområde i andre fylke.
For å finne din frekvens må du såleis leite deg fram til den sendaren som er nær deg og med sterkast signal. Prøv å skru deg fram på radioen og TV-en din etter dei frekvensane som er i nærområdet ditt. Finn du ikkje fram på denne måten må du rett og slett prøve sendarar i nabokommunar og nabofylke.
Har kanalen dekning?
Alle radio- og TV-kanalane er ikkje tilgjengelege over heile landet. Dette gjeld særleg dei mindre radiokanalane til NRK, i tillegg til P4. NRK1, NRK P1 og Kanal 24 har tilnærma full dekning.
Litt statistikk for fjernsynssendarar:
- NRK1 blir distribuert med 2724 sendarar og har 99,85 prosent dekning.
- NRK2 blir distribuert med XX sendarar og har XX prosent dekning.
- TV 2 blir distrubuert med 440 sendarar og har 90 prosent dekning.
- Lokal-TV-kanalane blir distrubuert med 174 sendarar.