Hopp til innhold

Ein bukett med kvitveis

Inne på tangen vaks dei som var heilt kvite, de var dei vakraste.

Hvitveis
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Avsender for dette postkortet er Erna Eikås Engen fra Førde.

Gjennom barndomens auge ser eg tangen med kvitveis som rekk så langt som auget kan sjå i kvitt og grønt. Det kjendest som eit like stort under kvar vår, eg venta og vakta på kor tid dei kom, og så skjedde det så plutseleg etter ein dag med sol.

Eit lite steg

Eg måtte alltid helse dei velkomen med å liste meg rundt og ta dei i augesyn, måtte sjå så mange som råd var. Elva gjekk vill og frodande forbi men eg såg ikkje anna enn kvitveisen og høyrde ikkje anna enn dei grøne stilkane som strekte seg mot sola. Eg måtte sjå kor eg kunne trø for at ingen skulle gå tapt under føtene mine og eg kunne aldri sjå meg mett.

Dei var så reine og ufatteleg vakre, eg kunne ikkje tenke meg noko anna i heile verda som kunne gjere sterkare inntrykk på meg enn dette. Ved elvekanten vaks dei som hadde eit svakt skjer av lilla, inne på tangen vaks dei som var heilt kvite og litt mindre. Kvart år. Her vart eg grepen av det store i naturen og kjende kor liten eg var, samtidig som eg kjende at ingenting kunne nokon gong øydelegge meg så lenge eg kunne sjå ein tange med kvitveis kvar vår.

Ein neve

Så kunne eg plukke meg ein bukett. Det ville ikkje vise at nokon vart tatt og eg måtte ta nedst på stilken så den rakk gjennom neven. Det skulle helst vere dei som stod åleine, så kunne dei vere saman i ein bukett i staden. Så lista eg meg over tangen og fann dei rette til det bogna i neven så eg nesten ikkje kunne lukke handa.

Det var mor mi som fekk dei. Kvar gong. Så skrytte ho over kor vakre dei var, fylte eit mjølkeglas med vatn og sette dei i glaskarmen på kjøkkenet til endelaus fryd. Slik måtte det som fanst av triste tankar i eit lite hjarte vike plass for ein kvitveisbukett.