Hopp til innhold

Eg var 13 år

Me var for opptatt til å følgja med, så då me høyrde ein skrapande høgtalarstemme løp me avgårde.

Togstasjon
Foto: Rüdiger Wölk

Avsender for dette postkortet er Kristin Brennhaug fra Straume.

Eg var 13 år då eg og broren min på 10 fekk ei litt dramatisk togreise. Me skulle reisa frå Bergen til Oppdal for å besøka tante og onkel. Med tog. Reisa til Oslo hadde gått greitt, og skiftet av tog kom mormor og hjelpte oss med.

Storesøster

Så var me på plass på toget frå Oslo til Oppdal, utan plassbillett fordi det var så fullt. Då visste me ikkje sikkert kor tid me var framme på Oppdal, men som den ansvarsfulle storesøster eg var, fulgte eg med på eit kart i kupeen på kva neste stasjon heitte og høyrte etter kva som vart ropt opp på høgtalaranlegget.

Etter ei stund vart me meir opptatt av å spela kort enn å følgja med, så då me høyrde ein skrapande høgtalarstemme.

- Neste stasjon er Oppdal.

Vi skunda oss av toget så snart det stoppa.

Alene igjen

Så stod me der på perrongen og såg etter onkel eller tante, men såg ingen kjende. Då ser eg brått på veggen til stasjonsbygningen, "OTTA". Akkurat då forsvann toget rundt svingen. Den kjensla hugsar eg enno, nesten 30 år etter. Eg hadde ansvaret, det var min feil at me hadde gått av på feil stasjon og kva skulle me gjera no?

Me gjekk inn på stasjonen og måtte venta på nokon som skulle snakka ferdig med mannen i luka før me kunne fortelja stasjonsmannen kva situasjon me var i. Eg var på gråten, medan broren min ikkje bekymra seg noko særleg. Me hadde ingen formeining om kor langt det var frå Otta til Oppdal, men eg visste namna på onkel og tante, så dei vart ringt opp og fekk beskjed. Me måtte berre venta.

Lang ventetid

Broren min hadde det veldig greitt, han fekk vera med ein konduktør og snu eit heilt tog, alle setene, altså, og fekk med seg alle tomflaskene til å panta. Medan eg sat og kjeda meg og venta på at me skulle bli henta av onkel og tante, som ikkje var veldig blide over å måtte henta oss 2 timar vekke og måtte fylla opp bilen med tomflasker!

Eg trur me venta i 3-4 timar før me vart henta og fekk vaflar og brus i bilen. Me kom vel til Oppdal nærmare kl 1 om natta og fekk det kjekt på Oppdal til slutt.