I snitt høyrer ein vanleg P1-lyttar over tre timar radio på ein vanleg dag. Mange av dei som arbeider ved Global Fish i Florø høyrer enda meir. Arbeidarane på fiskeforedlingsanlegget Global Fish i Florø er kanskje dei mest trufaste radiolyttarane av alle.
Likar debattar
- Distriktssendinga på morgonkvisten
Eli Kroppan set pris på ein god debatt. (Foto: Jon-Annar Fordal)
og Nitimen må eg ha med meg, seier Eli Kroppan (50). Blir det ein god debatt i radioen utover dagen er det også noko ho likar svært godt å få via radioen.
Mykje støy i produksjonshallen gjer at dei 60 arbeidarane må bruke høyrselsvern heile dagen. – Heldigvis kan vi velge høyrselsvern med radio innebyggd. Det tyder at vi kan stenge bråket ute og kose oss med radio samstundes som vi arbeider, held Kroppan fram.
God musikk
Margareta Kvarnström (54) set størst pris på god musikk fra radioen. Fredagane speler NRK Sogn
Margareta Kvarnström set pris på god musikk. (Foto: Jon-Annar Fordal)
og Fjordane dansebandmusikk i føremiddagssendinga. - Det er topp musikk å koble litt av med når eg står ved samlebandet og pakkar sild, seier ho.
Lokale nyhende
Gudlaug Høyvik (62) er også ein ihuga radiolyttar som vi finn ved Global Fish. - Lokale nyhende og friske diskusjonar sett eg stor pris på å høyre via radioen samstundes som eg jobbar. Men viktigast av alt er musikken. Utan god dansemusikk bli det vanskeleg. Og den må vere norsk, ettersom eg ikkje snakkar engelsk, seier Høyvik.
Gudlaug Høyvik høyrer gjerne lokale nyhende. (Foto: Jon-Annar Fordal)
Radio heile dagen lang for arbeidarane på Global Fish i Florø. (Foto: Jon-Annar Fordal)