Då i-en var utan prikk!

Prikken er mykje yngre enn bokstaven den svevar over. Så kvifor dukka den opp?

Tekst med gammal i utan prikk, i messebok frå Bergen, fyrste halvdel av 1100-talet.
Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

Åslaug Ommundsen
Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

- Bokstaven i, iota, hadde opphaveleg ingen prikk. I-en var ein vertikal strek, og det heldt lenge. Det fortel Åslaug Ommundsen, skriftforskar ved Middelaldersenteret i Bergen til programmet Språkteigen .

Streken over i'en

- Prikken starta si karriere på 1100-talet som ein liten skrå strek over i-en. Skriftbildet var i ferd med å endre seg, slik at to i-ar som sto attmed kvarandre fort kunne forvekslast med bokstaven u. For å unngå dette markerte ein i-en med ein liten, skrå strek.

Høyr historia om prikken over i'en.

Utover på 1200-talet stod bokstavane tettare og tettare, og idealet blei å behandle dei vertikale strekane likt. Dermed kunne i'ane forvekslast med stadig fleire bokstavar.

Tekst med gammal i utan prikk, i messebok frå Bergen, fyrste halvdel av 1100-talet.

Ingen prikkar i denne messeboka frå 1100-tallet.

Foto: Gøril Grov Sørdal, NRK

- Difor blei ein stadig meir konsekvent i bruken av den vesle streken, også i dei tilfella der i-ane stod enkeltvis.

Prikken blir fødd

På 1400-talet ser me at streken somme gonger blir ein prikk. Sjølv om denne markeringa var sjeldan i Sør-Europa, der faren for forveksling var mindre på grunn av skrifttypen, så trykte likevel renessansehumanistane i Italia prikken til sitt bryst.

- Renessansehumanistane innførte prikken i skrifttypen dei utvikla, littera antiqua, og dette er det stilistiske grunnlaget for den skrifta me brukar i dag.

Vil du høyre historiene om spørjeteiknet og om &-teiknet? Dei kjem i Språkteigen på P2 seinare i haust.

Utropsteiknet sin italienske far

- Utropsteiknet blei oppfunne kring 1360 av Iacopo Alpoleio da Urbisaglia, fortel Åslaug Ommundsen.

- Italienaren var lei at at setningar med utrop, begeistring eller beundring blei lest opp som forteljande eller spørjande setningar, så han leita etter ein måte å markere slike setningar på.

Høyr historia om utropsteiknet.

Punctus admirativus - beundringsteiknet

- Iacopo skapte beundringsteiknet, eit punktum med eit skrått komma over. På 1600-talet blei navnet endra til punctus exclamativus, utropsteiknet.

Det nye beundringsteiknet var fyrst lite brukt, men då andre forfattarar tok etter blei det meir og meir utbreidd. I dag er det kanskje meir populært enn nokonsinne?

Streken, La Linia

Og kor ellers enn i Italia dukka behovet for å uttrykke sterke kjensler òg på papiret opp?

- Det er kanskje ikkje tilfeldig at det står ein italienar bak? ler Åslaug Ommundsen.