Hopp til innhold

Cecelie-gjeilen

Les om mannen som finner igjen et barndomsminne på en reise til USA.

Gård

Farfar hadde ljåen og slo skrapslått...

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

Avsender for dette postkortet er Jan Gaute Buvik fra Korgen.

Hør postkortet her.

Kanskje var eg 6-7 år den gongen farfar og eg ein fin sommardag gjekk i lag i austkanten av innmarka på det vesle småbruket i Indre Folla, Namdalen, der eg voks opp. Farfar hadde ljåen og slo skrapslått her i reina mot fjellet, mens eg drog på riva og skulle liksom raka ihop.

- Ser du desse steinane her? seier farfar brått og peikar. Jauda, der låg nokre mosegrodde runde steinar i ei rauk.

En husmannsplass

- Her stod huset ho Cecelie budde, heldt han fram. Det var ein liten husmannsplass under Rokkagården, dit mannen hennes kom for hundre år sidan.

Og så fortalte han om denne kvinna, som var gift med broren til hans farfar, ho som vart så ung ei enke, men dreiv ein liten jordlapp med ei ku og nokre geiter. Ho hadde sin eigen krøtterveg ut i marka, den heiter enno Cecelie-gjeilen. Og oppe i utmarka ligg Cecelievatnet, eit lite men godt fiskevatn, der ho hadde garnbruk samtidig med at ho gjette buskapen sin.

- Men dette var før mi tid, slutta farfar.

Så vart det etter kvart min far, og seinare eg, som for med ljåen over dette vesle stykket hennes Cecelie. Og kvar gong tenkte eg på dette mennesket, og såg for meg korleis ho arbeidde med jordlappen, gjekk etter krøttera opp gjeilen, drog garn i vatnet. Cecelie grodde seg fast i minnet.

Enke i armoda

Far hadde fått greie på kva som hendte vidare med ho. Med ein liten gut å fø på sat ho som ung enke der i armoda. Men guten, han Edvard, fór som ung mann saman med slektningar over til Amerika, der dei slo seg ned vest i Minnesota.

Cecelie heldt på nokre år til for seg sjøl der i den vesle heimen under fjellet. Men så fekk ho reisepengar frå sonen og flytta etter. Ho var vel da i femtiåra.

Far hadde fått ein god venn i ein jamaldring som var av slekta utflytta omlag samtidig med Edvard, sonen til Cecelie. Han kom fleire gonger over til Norge, for å studera og bli kjent med slektsstaden og folket i " heimlandet".

Etter kvart høvde det seg slik at eg tok til å skriva eitt og anna brev til han, og fekk sendt gamle bilete og avisutklipp frå staden i Minnesota, som viste seg å heita Folden , med Rokka-skolen og småbyen Vining . Da vart eg for alvor nysgjerrig.

Namdaling med gammal sleng

Og for 10-12 år sidan høvde det seg slik at eg kunne dra på besøk til denne mannen og familien hans, og saman med han dra til Folden.

Vi kom til ein farmargård av det gamle slaget, og her budde framleis eldre menneske som snakka namdaling med gammal sleng. Ja, det var ei storhending: Bygda heitte verkeleg Folden, etter heimenamnet Folla i Namdalen. Og folket frå Rokkagården hadde bygd sin eigen skole. Den stod no nyrestaurert og kvitmåla, det same gjaldt kjerka i Folden, ein miniatyr av kjerka i Foldereid.

Men største opplevinga fekk eg da den 81-årige kjerkegårdsarbeidaren i småbyen Vining, på solid folladialekt bad meg bli med på kjerkegården.

Her var velstelt og ryddig, men berre gamle gravsteinar. Og kvart eit namn var frå Folla i Namdalen, Norge: Jon Årfor, Ole Kolvereid, Gerhard Finne... Ja, der var også Mikael Rokken, og Inga, som min farfar hadde brevveksla med.

Cecelie Gullesson

Så kjem eg til eit lite steinflak som ligg nedfelt i gressplenen. Steinen er lett tilgrodd med mose, men det er lett å lesa innskrifta: Cecelie Gullesson f. 1832 d. 1928. Da brått fór alle minna frå gutedagane gjennom meg, og eg stod ikkje på kjerkegården i Vining, men like ved innjorda heime, i tråkket opp gjennom skogen: Cecelie-gjeilen.

Og da såg eg liksom heile livsløpet til ho Cecelie, jenta frå Haugsmarka i Verdalen som flytta med familien til Namdalen, der ho måtte Gulle Eriksson frå Rana. Dei fekk guten Edvard, men ho mista mannen etter få år, sleit sjølv mange år åleine, men fekk oppleva nye tider i den nye verda i lag med sambygdingar.

Ho Cecelie vart eit gammalt menneske, og ho har sett spor etter seg. Spor som vi dagleg gjer nytte av når vi nemner namna i utmarka.

I min verden har ho sett djupe merke, og mitt «møte» med henne på kjerkegarden i Vining er av dei sterkaste opplevingane eg har hatt. Det var liksom sjølve «Historia» stod fram for meg som ei åpna bok.

Gravsteinen var siste kapitlet.