Hopp til innhold

Brått kom hausten

Trærne var med ett så blodraude, blomane visna og fuglane vart heilt tyste. Det var for seint å kalle sommaren attende.

Høst
Foto: NRK

Avsenderen for dette postkortet heter Astri.

Eg gjekk på ein veg.
Kring meg stod trærne grøne,
blomane pynta opp i vegkanten
og fuglane song.
Sola sende varme til marka
og eg kjende meg lykkeleg.

Vegen førde meg til ei grind.
eg opna ho
og steig inn på den andre sida.

Brått kom hausten.

Trærne var med ett så blodraude,
blomane visna
og fuglane vart heilt tyste.

Regn kom ned frå gråtunge skyer.
Gjorde meg melankolsk.
Det var for seint å kalle sommaren attende.
Eg måtte gå vinteren i møte.

Eg gjekk på ein veg som alt var kvit av rim.