Av Berit Opheim Versto
Sergeij Rachmaninov: Eg er veldig, veldig glad i kormusikk og særleg a capella. Dette stykket høyrde eg fyrste gong med Oslo Kammerkor og vart fullstendig bergtatt.. Har seinare "lurt meg med" når kammerkoret skulle synga det. Det er som om ein blir løfta opp i ein annan virkelighet, berre ved dei fyrste taktane, fullstendig fred.
Radka Toneff: Nakent og ærleg uttrykk, nydeleg stemme og enorm tilstedeværelse.
Agnes Buen Garnås: Med Agnes si stemme og musikk blir eg dratt inn i tidlaus verd, og ingenting er forutsigbart. Sterkt uttrykk, berre ho er akkurat slik!
Kirsten Braaten Berg: Eg er so veldig glad i stemma til Kirsten, går rett i hjarta, og ho er stø som fjell!
Ragnar Vigdal: Det virkar som han "opplever" salmane medan han syng dei, som om han fortel der og då. Meditativt å høyra på, vakkert, vakkert... Og eg likar so godt det utempererte, utfordrande og tidlaust samtidig.