- Eg var i en sånn situasjon i livet at for å kunne gi noe til andre, så måtte eg påfyll. Selv om eg er veldig sosial, så trengte eg ro. Det tror eg alle menneske treng i blant, seier ho.
- Eg var i en sånn situasjon i livet at for å kunne gi noe til andre, så måtte eg påfyll. Det fekk ho gjennom eit år åleine på Hardangervidda. (Foto: Anne Line Abotnes)
Turid brukte dagane til å gå lange turar, skrive og lese. For ikkje å snakke om kor lang tid alle vanlege gjeremål tok, som å hente vatn til morgontoiletten om vinteren.
-Morgentoiletten bestod av håndkle, sepe og øks, sei ho og ler godt.
Hardangervidda Fjellguiding
Turid Lindset bur ikkje lenger på hytta, men etter å ha budd der eit år og mellom anna overkomme da å vere mørkredd, har ho heile tida ein lengsel til vidda.
Derfor har ho no starta Hardangervidda Fjellguiding. Her tilbyr ho turar fulle av historiar om gamle buplassar på vidda, eller du kan få vere med på rafting i Numedalslågen om du vil ha meir fart.
- Til og med natt-turer har eg hatt folk med på. Eg har nok forandra meg litt siden den første tida her oppe åleine, da eg måtte ha radioen med på do, fortel Turid Lindset.
Adresse Hardangervidda - NRK P1 - klokka 8.07 - 09.00 og ein kortare versjon 17.30 - 18.00 måndag 1. mai.
I tillegg vert det eit innslag i Ryk og Reis på sundag.