Hopp til innhold

30 år etter

Eg kom optimistisk til avdelingsleiaren og la fram mine planar...

Diakonhjemmet i Oslo

Postkortets avsender studerte sykepleie ved Diakonhjemmet i Oslo.

Foto: Hans-Petter Fjeld / Wikipedia, Creative Commons

Dette postkortet har avsender Leidulv Grimstad fra Hareid.

Eg gjekk på sjukepleierskulen på Diakonhjemmet i begynnelsen av 70-åra. På den tida måtte vi arbeide tre veker i sommarferien etter endt eksamen. Kva tid dei tre vekene skulle takast, bestemte avdelingsleiar.

Den store turen ut i verda

Denne sommaren i 1976 hadde eg avtalt med to medstudentar, ei heimanfrå og ei frå New Dehli, at vi i lag skulle take den store turen ut i verda og bli med henne heim til India. I tillegg skulle vi på vannskiferie i Kashmir og nyte livet.

Då vi hadde lagt planar og var i ferd med å bestille billettar, kom eg på at eg skulle få avklara tidspunkt for arbeid de siste pliktvekene av utdanninga.

Eg kom optimistisk til avdelingsleiaren og la fram mine planar, og argumenterte med at det ville vere best for avdelinga at eg arbeidde i august, då det var vanskelegast å få sjukepleiarar som ferievikar. Eg må seie eg vart lang i maske over svaret. Nei, eg skulle arbeide rett etter at skulen var slutt, ikkje noko diskusjon om det.

«once in a life time»

Eg forklarte no våre planar og at dette kom til å bli ein «once in a life time experience» for meg. Ho kunne no ikkje vere så hjarterå og nekte med denne muligheita? Dama sto på sitt og som den pliktoppfyllande studenten eg var, måtte eg berre vinke farvel til mine to venninner på Fornebu.

Det var det nærmaste eg kom India.

Som ein liten «trass», eller kompensasjon, fekk eg utsetting med arbeidsoppstart ei veke. Då reiste eg til Skien på TT - Tenåringstreff i KFUM/KFUM. 4000 unge var samla der og eg var med som sjukepleiar.

Hadde ikkje «funne» nokon

Etter tre år på sjukepleierskulen, hadde eg ikkje «funne» meg nokon eg ville dele livet med. Første kveld på treffet var det presentasjon av treffet sine allsongleiarar. Det var Protz, Per Oddvar Hildre og den andre ei ung dame frå Bodø. Ho var ikkje meir enn 22 år og vart spurt kvifor ho turte å vere allsongleiar for ein så stor flokk?

Jau, svarte ho, for det første er eg dame og det andre er eg frå Nord-Norge.

Oi, tenkte eg, der er ho eg vil ha.

I dag den, 22. mars, set eg med min PC og ventar på at klokka skal bli 1800, for då har våre fire barn og ei svigerdatter invitert oss ut for å feire vår 30. brudlaupsdag.