Hopp til innhold

10 kroners-ringen

Svigerdattera mi hadde bursdag og hadde fått ein fin ring av sonen min som sa "Her er til deg min elskede". Barnebarnet mitt hadde og lyst og sei til min elskede til nokon.

Ring til min elskede Besta

Sander (4) sin kjærlighetsgave til Bestemor Kirsten Kvåle

Foto: Privat

Hør: Postkort fra livet: 10 kroners- ringen Dette postkortet er sendt inn av Kirsten Kvåle, Voss

Jula for 2 år sidan feira eg med familien min og barnebarnet på 4 år. I den travle juleførebuinga har svigerdattera mi bursdag og hadde fått ein fin ring av sonen min og barnebarnet mitt.Ved overrekkelsen hadde sonen min sagt her er til deg min elskede.

Barnebarnet mitt hadde og lyst og sei til min elskede til nokon. Så like før jul fann han ein ring til ti kroner på hennes og maurits,dro heim og la den i ei fin eske. Klipte ut eit hjerte og skreiv til min elskede besta på, med litt hjelp.

Min elskede besta

Så på julaftan, midt under pakkeutdelinga, kom han bort til meg tok eska opp av lomma og sa med eit varmt hjerte, til min elskede besta. Kom nok ei usynleg tåre hos ei besta som åpna pakka og såg den vakre ringen og dei varme augene og smile til Sander som sa: Endeleg elskar eg og nokon.

Besta og hennes barnebarn

Besta Kirsten Kvåle og hennes barnebarn Sander (4)

Foto: Privat