Årets største mysterium

Møt årets karakterar og bli med på gjetteleiken.

Hemmelegheiter. Løgner. Hint. Maskorama står endeleg for tur!

Og førre veke kom den fyrste «avsløringa».

Ein nisse ...

... og ei havfrue skal vere med i årets sesong!

Fortsett å scrolle og du vil få sjansen til å møte alle Maskorama-karakterane.

Spekulasjonane byrja for fullt og detektiv Jan Thomas trur han allereie veit kven havfrua er.

– Kva heiter ho som syng med ho som spelar piano? spør Jan Thomas i Maskorama-podkasten.

– Du tenker på Benedicte Adrian? svarer programleiar for podkasten, Sarah Natasha Melbye.

– Ja, eg berre fekk den kjensla nå, fortel Jan Thomas.

Har Jan Thomas rett? Det er det få som veit. Denne mannen høyrer til den inste sirkelen som sit med fasiten.

Kjell Nordstrøm, tidlegare kjent som Baron von Bulldog, har designa kostyma og jobbar tett på deltakarane.

«Idear til nye karakterar og skisser er noko eg held på med heile året. Eg har ei hemmeleg bok der eg stadig skriv inn nye idear.»

Alt startar med ei enkel skisse – som med Elgen i førre sesong. I den hemmelege boka si har Nordstrøm 40–50 skisser av ulike karakterar som deltakarane kan plukke ut frå. Allereie i januar startar det praktiske arbeidet.

«Og så er det veldig viktig at deltakarane blir forelska i ein figur. »

«Ein skal jo flytte DNA-et sitt inn i den. Dei er ganske jævlige å ha på seg. Det er varmt. Tungt. Du må vere glad i figuren din om du skal orke det.»

Han har mykje han må tenke gjennom.

«Dei skal synge, danse, puste. Vi må sørge for at dei verken mistar balansen eller svimar av. Å få det tekniske til å fungere er vanskeleg. »

Han sper gjerne på med artige, finurlege detaljar – som både kan hjelpe og villeie publikum. For eksempel stråa som er brukt i fjorårets Fugleskremselet:

«Dei kjem faktisk frå finansministeren sin eigen gard. »

Men av og til kan det gå frykteleg gale. Og hans største mareritt vart i fjor nesten verkelegheit. Geviret til Markus Bailey heldt på å ramle av under generalprøva rett før sending.

«Då var eg redd. Eg tenkte: «No kjem geviret til å knekke av som vengene på eit fly.»»

Det gjekk bra, men alt kan skje. Også i år. Tida er inne for å sjå årets Maskorama-karakterar.

Bamsen

Frosken

Snømonsteret

Nøkken

Heldiggrisen

Dragen

Nissen

Havfrua

Høyr meir om årets karakterar i Maskoramapodkasten i NRK Radio.

Fotograf

Ulrik Kramer

Fotograf

Fredrik Arff

Fotograf

Julia Marie Naglestad

Journalist

Oda Elise Svelstad
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal