Hopp til innhold

Her er årets beste debutantar

Både kjærleik og død pregar utvalet til våre kritikarar.

Bokomslaget til ni debutantbøker fra 2022

KJÆRLEIK: Debutant-bøkene byr på kjærleik til vener, kjærastar, eksar, Gud og seg sjølv.

Foto: Forlagene og Colourbox.com

«Mord og kjærlighet er det eneste som er verd å skrive om», hevda forfattaren Aksel Sandemose.

Kjærleiken er i høgste grad nærverande hjå debutantane på denne lista, utvalt blant bøkene vi har nådd å lese: kjærleik til vener, kjærastar, eksar, Gud og seg sjølv.

Mord er det verre med, men døden gjestar fleire stader. I form av kreft, og meir oppsiktsvekkjande: Ein heil by blir forvandla til saltstøtter.

God tur inn i 2022-årgangen, ein årgang med uvanleg mange sterke debutantar!

Fiendar av skjermslaveri vil føle seg heime

Lars Elling og bokomslaget til Fyrstene av Finntjern
Foto: Forlaget Oktober og Baard Henriksen

«Fyrstene av Finntjern» av Lars Elling

Ved inngangen til den første verdskrigen følgjer vi to brør på stadige ferder ut i Oslo-marka, der noko skjer som gjer at det blir livsvarig ufred mellom dei.

Som ein lærar av den lune sorten dreg Lars Elling ned plansje etter plansje, inntil motivet kjem til syne.

Fiendar av skjermslaveri og ulne læreplanar vil føle seg heime her. Elling har presis kunnskap om mykje vi har gløymt, som vel strengt tatt allereie er på moten att.

Levande og tragisk

Bokomslaget til Våkenetter og portrettbilde av forfatter Christine Nitter
Foto: Forlaget Oktober og Marius Fiskum

«Våkenetter» av Christine Nitter

Når døden flyttar inn i huset til Eivind og Agnes, blir livet sett på spissen. Inn kjem spesialseng, tisseflasker, morfinsprøyter. Eivind har kreft. Begge er legar og veit kva det handlar om, men ingen er spesialist på sin eigen død.

Skildringa er vevd inn i nordnorsk natur. Ho er levande, ho er tragisk,- og tidvis piplar komikken fram.

Eit fengslande univers

Carl Henrik Berge. Omslag på boka «Saltstøttens sønn»
Foto: Kolon Forlag og Ida Gøytil

«Saltstøttens sønn» av Carl Henrik Berge

Ein ung mann tek med seg far sin og flyktar frå ein smitteherja by. Aktuelt? Kanskje, men faren er ei saltstøtte og vi er i eit landskap som liknar Palestina på Jesu tid.

Naturkatastrofar og menneskeleg brutalitet sender folk på flukt mellom byar der portvaktarane er strenge, men ikkje nødvendigvis kloke.

Berge har laga eit fengslande univers og eit djupt originalt språk.

Må kalle fram latteren hjå den mest surmaga

Rune Berg og boka Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg
Foto: Tiden forlag og Ida Gøytil

«Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg» av Rune Berg

Å overleve barndommen på øya Giske er ikkje berre berre om ein skal tru på denne nesten sanne romanen. Men det hjelper heilt klart med humor.

Roman-Rune ser på øya, folket og kulturen med eit skeivt blikk som må kalle fram latteren hjå den mest surmaga lesar.

Portrett av profilar som Dass-Elvis og Gravemaskin-Jarle, spektakulære tabbar signert Rune Lisbeth og observasjonar av store og små absurditetar i øylivet gjer susen.

Mørk, men gjennomførd

Omslag på bok 'Oskespiralen' og forfatter Leander Djønne
Foto: Baard Henriksen og Oktober forlag

«Oskespiralen» av Leander Djønne

Debuten til kunstnar og no også forfattar Leander Djønne er mørk, men gjennomførd. Til og med den berømte eplesideren, som dei er så stolte av i Hardanger, smaker emment av mishandling.

I denne forteljinga om mor, far og to søner ytst på den naknaste øya, er det hemn det handlar om, sjølv om også tilgiving er oppe til diskusjon.

«Oskespiralen» av Leander Djønne er en eigenarta stein som liksom lyser for seg sjølv i den norske bokhausten.

Lyspunkta ligg i detaljane

Forfatter Arild Rossebø og bokomslag "Den siste komle"
Foto: Heidi Furre og Aslak Gurholt/Flamme forlag

«Den siste komle» av Arild Rossebø

Mor og far til Harald har ikkje sett kvarandre på mange år, likevel døyr dei nesten samstundes.

Når mor nærmar seg døden, løyser det nødvendige avstandsforholdet seg opp i ein felles jubel over komla. Gravferda til far er slutten på ein roadmovie gjennom barndommens landskap.

Barndommen har vore mørk. Lyspunkta ligg i detaljane: 70-talskjønnshår. Kanuttapylsa. Tyggis.

Enerverande og uhyggjeleg

Ingrid Brækken Melve og omslaget til «Avstøtning»
Foto: Blunderbuss/Anne-Julia Granberg/CappelenDamm

«Avstøtning» av Ingrid Brækken Melve

Gud er sterkare til stades i norsk litteratur enn på lenge. Ei av dei som skriv intenst om tru og tvil, er Ingrid Brækken Melve, som sjølv er prest og salmediktar. I debutromanen hennar møter vi ei ung kvinne i kamp mellom liv og død.

Ho har gått gjennom ein hjartetransplantasjon; vil kroppen tolerere det nye hjartet eller støyte det ifrå seg? Det er fleire konfliktar i forteljinga, både mellom Rebekka og Gud og mellom Rebekka og foreldra hennar.

Det blir både enerverande og uhyggjeleg. Både kropp og sjel blir sett på prøve i denne originale romanen.

Svært visuell ungdomsroman

Omslaget til Hvis dette var en film av Teuta Dibrani
Foto: Thea Kamilla Jonassen/Gyldendal

«Hvis dette var en film» av Teutra Dibrani

Arta og Elise går i 1.klasse på vidaregåande og driv den populære instagramkontoen «EA films». Men så vil andre vere med på leiken og aller helst vil dei leike med Elise.

Arta kan ikkje fortelje at ho er fortvila over at mora har fått kreft, og fordi den albanske far hennar blir meir albansk enn nokon gong før.

Denne ungdomsromanen er naturlegvis svært visuell. Her er dramatiske scener, språk og humor som treffer fleire enn den unge målgruppa.

Stilsikker og tankevekkjande

Portrettbilde av Robin van de Walle og bokomslaget til "Han, solo"
Foto: Helge Skodvin/Cappelen Damm

«Han, solo» av Robin van de Walle

Romanen opnar med kjærleikssorg, vi kjem inn like etter at roman-Robin har blitt dumpa av ein mann han elska. Det er mørkt, det er vått, det er november i Bergen.

Frå dette nullpunktet viser det seg at sorga etter kvart opnar for andre refleksjonar, ikkje minst over eige liv.

Kva er det som gjer at han er eit einsamt menneske?

Romanen om Roman-Robins kjærleikstap og sjølvgransking er stilsikker og tankevekkjande.

Linje med tre bøker oppå.

Les også Dei 24 beste bøkene frå 2022

Montasje årets beste bøker

Les også 16 bøker til jul for dei minste

Beste bøker for større barn