Anmeldelse

Madame Nielsen gjer dei store kjenslene til stor kunst

Intenst om den brennande forelskinga som fraus til is i møte med kvardagslivet.

Madame Nielsen og bokomslag "Lamento"

FASCINERANDE FENOMEN: Madame Nielsen skaper sitt heilt eigne totalkunstverk, der bøkene er ein liten del. Men det går fint an å lese "Lamento" som ja, ei bok.

Foto: Pelikanen forlag
Bok

«Lamento»

Madame Nielsen

Oversatt av Knut Johansen

Skjønnlitteratur

2021

Pelikanen

Ingen veit kvar Madame Nielsen hoppar, men når ho melder seg med bok, er det all grunn til å følgje med. Slik også denne gongen: «Lamento» er den vakkerforferdelege slutten på den såkalla «kjærleikstrilogien» som opna med herregardsromanen «Den endeløse sommeren» i 2015.

Kunsten å malplasserte seg

Vegen til romanen er nøydd til å gå via utvalde deler av biografien til Madame Nielsen. Ho er nemleg ikkje ei dame som skriv bøker, men eit totalkunstverk.

Claus Beck Nielsen vart fødd Danmark i 1963 og erklærte seg død i 2001, det var også året då han vart skilt. Han blei gravlagt med fullt seremoniell nokre år seinare og har etter det operert under fleire namn, men aldri det som står på gravsteinen og kanskje også i passet, kven veit.

Sidan 2012 har han vore Madam Nielsen: ei diskret sminka middelaldrande kvinne med konservativ garderobe, som ho rettnok av og til byter ut med noko meir vampete.

Denne figuren dukkar med ujamne mellomrom opp og skaper røre i nabolandet.

Som då han reiste inn i heimlandet utan pengar, utan identitetspapir og forklarte at han ikkje visste kva han heitte og kven han var. Eksperimentet – som varte lenge – viste at utan identitet i form av eit nummer, er det inga sosialhjelp å få.

Eller då han, saman med ein kompanjong, drog for å innføre demokratiet i Irak. Bilda derifrå viser to unge menn i mørke dressar som ber på ei kasse der ordet «demokrati» var klistra på.

Bokomslag "Selvmordsaktionen" av clausbek-nielsen.net
Foto: Gyldendal.dk

Det er så inderleg malplassert, og det blir til bøker, debattar, indignasjon og «hovedrysten».

Når ekstasen krasjar med kvardagen

I «Lamento» møter vi to unge forfattarar som forelskar seg så heftig at dei lenge lever samanfiltra og utan avstand, utanfor tida, utanfor samfunnet: Dei drikk vin av kvarandres munn, dei les høgt for kvarandre og dei elskar, åh dei elskar.

Men så bankar kvardagen på døra. Det skal arbeidast, ute i verda finst tidsfristar, to fortider med diverse foreldre, vener og eksar.

Historia er lagt i munnen på kvinna, som 20 år seinare fortel dette til dottera dei to har saman. Og vi lurer med henne på korleis ein så stor pasjon kunne ende så tragisk.

Her er Madame Nielsen heilt suveren. Det startar tilforlateleg: Han kjem heim, luktar av vin han har drukke med nokon andre. Smått, men stort nok for den som har levd i symbiose; alt av aleinegang blir eit svik.

Så kjem dei lukka dørene, avtalane og det går over styr: Sex ein gong i veka, barneomsorg frå 07-13. Blikk som er alt anna enn kjærlege. Stadig fleire døme på at kunsten overtrumfar kjærleiken. Frå det grenselause hamnar dei inn i eit fengsel av avtalar, rammer, grenser, dører.

Det er hjarteskjerande, og hintet til «Didos klagesong» frå den tragiske operaen «Dido og Aeneas» er høgst relevant.

Kunne noko vore annleis? Aeneas vart utsett for hekseri og vart borte frå Dido. Kva skjedde med den unge mannen i «Lamento»? Vart han forheksa av sin eigen kunst?

Intrikat og inderleg

Her har vi altså ein mann: Claus Beck Nielsen, som agerer kvinne: Madame Nielsen, som skriv om ei kvinne som skildrar ein mann. Danske lesarar vil også kjenne att Beck Nielsen i mannen i romanen, og eks-kona, forfattaren Christina Hesselholdt i kvinna.

Han legg altså historia om kjærleiken deira i munnen på eks-en. Og det er ikkje første gong dei nikkar til kvarandre gjennom bøkene sine. Eg veit ikkje om Hesselholdt har kommentert på denne siste helsinga frå Claus/Madame, men eit par ting kan vere verd å merke seg.

Først: Det er mannen som kjem dårlegast ut av denne historia og det med god margin.

Og dessutan: Madame har sagt i intervju at ho interesserer seg berre for litteratur som er bygd på erfaringar, men det treng ikkje vere biografisk. «Autentiske» bøker som ho meiner Karl Ove Knausgård og Per Petterson skriv, kallar ho for «reality show» og det er neppe positivt meint.

Som lesar treng ein ikkje velje mellom Madames intrikate masker og Knausgårds truleg mindre maskerte persona. I denne runden er det berre å rope «skål!» for madammen og vente med spenning på kva som dukkar opp ved neste krossveg.

Anbefalt vidare: