Om lag 50 skrivande menneske gav ut si første skjønnlitterære bok i 2021, eit år som er dømt til å gå inn i historia som år to under covid-pandemien. Men debutantane har ikkje fått virus på hjernen, dei skriv om heilt andre ting.
Arvegods kan stå som eitt av stikkorda i år, og det både i konkret og overført meining: det kan vere ei rosemålt kiste eller eit vatn med fiskerett, det kan vere skikkar og konvensjonar og fattigdom og skamfulle løyndommar som ein ny generasjon må handtere.
Utanforskap kan fungere som undertittel på svært mange bøker, anten dei no handlar om seksuell legning eller foreldre frå andre verdsdelar.
Ja, og så er det jo sjølvsagt kjærleiken, kva hadde den vore utan litteraturen? Eller omvendt.
Etter eit formidabelt, ja nesten eksplosivt debutant-år i fjor, er vi i år tilbake til normalen: ei rekkje heilt greie bøker, eit knippe riktig lovande og nokre få som allereie er forbi lovande og som innfrir med første bok.
Her er ni utvalde debutbøker frå 2021:
Om fedranes synder
- Romanen «Flog» av Dordi Strøm
- Vurdert av Anne Cathrine Straume
«Flog» er ein uvanleg sterk romandebut om korleis vald går i arv. Handlinga strekkjer seg frå 1945 og fram til 1989, men forteljinga går i byks og kast, ho er berre tidvis kronologisk. Hovudpersonane er Åsta, Fred og Dagne. Lagnadene deira er vovne saman etter at Åsta blei valdteken av Embret som fjortenåring og deretter gift med han. Ho ville aldri ha sonen, Fred. Alt ho vil, er å ha det reint, ryddig, støvlaust og luktlaust. Fred får aldri moras kjærleik, Dagne får aldri gode ord frå far sin, Fred.
Dordi Strøm går rett inn i forteljinga utan å forklare så mykje. Mest som i eit skodespel listar ho først opp kven som er med, før ho gir ein leksikalsk definisjon av ordet «flog», eit ord som går att i ulike tydingar gjennom det heile. Strøm grupperer tekstbitane rundt dei ulike personane og lar små, tematiske element dukke opp i brokkane som følgjer etter kvarandre. Det er subtilt gjort.
Skam, einsemd og ein vaklande evne til å snakke om kjensler sildrar ut av boksidene i denne romanen, som er intens og originalt komponert.
Presist og vakkert
- Diktsamlinga «Dødsbu» av Øyvind Rangøy
- Vurdert av Anne Cathrine Straume
Kan ein kallast debutant når ein allereie har skrive bøker på eit anna språk? «Dødsbu» er den aller første utgjevinga til Øyvind Rangøy på norsk, han debuterte allereie i 2019 med ei diktsamling på estisk, ei bok han til og med fekk ein estisk pris for.
«Dødsbu» er ei samling dikt om eit liv som er over. Men like mykje krinsar dikta kring landskapet dette livet falda seg ut i: «Eg kjem frå ein stad der båtar går ut i grålyse timar, der grå mus raslar i gulgammalt gras. Det finst steingardar der og sprokne, opprivne kystar og sjeler. Folk veit ikkje kva dei skal seie. Men vinden seier seg sjølv.».
Rangøy skriv med varmt hjarte og skarpt, om enn nostalgisk, blikk om ein liten plass på norskekysten. Det gjer han i eit språk som er slåande presist og vakkert.
Mamma, mormor og eg
- Romanen «Men hvordan skal jeg gråte når det blomstrer så voldsomt langs veiene?» av Stina Vogt
- Vurdert av Anne Cathrine Straume
«Se på himmelen, sier mamma. Se på månen. Månen er full. Mamma er full. Jeg er hennes, og vi står med beina i bakken.»
Kanskje er mamma full, meir alvorleg er det at ho er psykisk sjuk. Eg er ein jentunge, så ei vaksen kvinne, og ho som gjer slik at jenta kan vekse opp med mamma, er mormor, som dei bur i lag med.
Boka er delt inn i korte avsnitt som alle blir minnebilete av ei scene eller ei kjensle frå oppveksten. Blikket til dottera femner gras, blomar, kvefs, sol eller måneskin. Naturen er ein stad å hente krefter frå, eit landskap å kjenne fellesskap i. Også frå mora hentar jenta krefter, og det er styrken, like mykje som sorga over tapet av mora, som spring ut av boka.
Den lange tittelen, der ordet korleis kjem i staden for det ein kunne forvente, nemleg kvifor, spinn med i lesinga av denne fine debuten.
Klassereise frå tomromsen
- Romanen
- Vurdert av Marta Norheim
Den tidlegare politikaren Marthinsen debuterer med ein roman om løvetannbarnet Tonje som får jobb i forsvaret og blir klarert av Nato på Cosmic Top Secret-nivå.
Ho blir omsverma av professorar, russiske spionar og pene menn frå villaer med store eplehagar. Men ikkje av politikarar; politikk og samfunnsliv står henne forbløffande fjernt og det får ho svi for.
Tonje har ein naivitet som grensar mot det sjølvdestruktive i møte med mektige menn. Eg skulle gjerne visst meir om kvar det butta for dette lysande talentet.
Sterkast lyser skildringa av klassereisa frå toromsen med mor Bjørg og til ekteskapet med ein advokat med stor familie og sterk definisjonsmakt.
Intense skildringar av skam og kjærleik
- Romanen «Jeg tror du hadde likt Ulrik» av Jonas Sundquist
- Vurdert av Marta Norheim
Theodor (20) er homofil og tenkjer at ingen må få vite det. Når han innleier eit forhold til Ulrik, handlar heile livet om to ting: å møte Ulrik så ofte som råd, og å halde kjærleiken skjult.
«Jeg tror du ville likt Ulrik» viser korleis frykta for å vise andre kven ein er, skaper uoverstigelege problem. Og Theodor er ikkje den einaste i veneflokken som ber på noko han skammar seg over.
Skildringane av kjærleik og skam er intense og overtydande, men intensiteten dalar noko på dei talrike festane og barrundane den stakkars Theodor må lide seg gjennom. Likevel: ein lovande debut om den lange vegen ut av skåpet.
Smart historie
- Romanen «Uelsket» av Iram Haq
- Vurdert av Marta Norheim
«Uelsket» er ei smart, vittig og sår historie om frilansfotografen Sofia (39) som er blakk, singel og lett desperat.
Enklaste måten å skaffe pengar på, er å søke stipend for å skildre fleirkulturelle miljø, og ettersom Sofia har indiske foreldre, vankar ho dagleg saman med motiva. Enklaste måten å kome i kontakt med menn på, er Tinder.
Det viser seg at det enklaste ofte kjem med ein pris.
Her er den indiske bakgrunnen berre ein av fleire faktorar som gjer det vanskeleg å vere Sofia. Ikkje minst er ho eit moderne, rotlaust menneske som ikkje heilt veit kva ho vil. Ein høgst attkjenneleg figur i samtidslitteraturen.
«Uelsket» er med på å utvide den etter kvart frodige litteraturen om å tilhøyre fleire kulturar.
Parkerer Freud
- Romanen
- Vurdert av Marta Norheim
Roligheten bryt her med mange av konvensjonane som har bygd seg opp rundt oppvekstromanen. Resultatet er både forbløffande og forfriskande.
«Når alt er av papir» er komponert etter assosiasjonsprinsippet og gjev dermed slepp på tydelege koplingar mellom årsak og verknad. Skulefag er også med på å strukturere forteljinga. Dermed kan eit avsnitt opne med eit dinosauregg, for så å gå over til hønseegg og til slutt ende opp med ein pai hovudpersonen bakte samen med ei venninne.
Det er lite tolking av oppveksten som elles har litt av kvart å by på, ikkje minst ein far som byggjer landingstårn for ufoar på jordet i staden for å stelle sauar og barn.
«Når alt er av papir» parkerer Freud og ser barndommen som eit konglomerat av impulsar og erfaringar.
Original og spennande
- Romanen
- Vurdert av Marta Norheim
«Tjeneren» er eit eventyr frå nær fortid: Vi skal til kongeriket Kombravia i tida etter at T-banen er på plass, men før mobiltelefonen, denne irriterande intrigedødaren, har gjort sitt inntog.
Tenaren kastar seg ut i striden for å berge den yngste av tre prinsesser, og erfarer at det totalitære ligg på lur rett under den demokratiske overflata.
Romanen set lys på demokratiet, men også på kvinneforakt og evige grensekrigar. Eventyret er eventyrleg, men sjølve forma fører til at dei gode er gode og dei vonde er vonde.
Dette svekkjer det kritiske potensialet, men «Tjeneren» skal ha for originalitet og ikkje minst for spenning: det er uråd å gjette korleis det går.
Om einsemd og aurefiske
- Romanen
- Vurdert av Jonas Hansen Meyer
Stein Torleif Bjella har både i songlyrikken og i poesisamlinga frå 2017 skrive fram særeigne karakterar frå Hallingdal og omland. I år har Bjella debutert med ein vellykka roman som fortset denne utforskinga.
«Fiskehuset» fortel om heimfødingen Jon som drar på fisketur med onkel Ivar. «Me var ikkje ofte saman, men ei veke for åtte år sidan endra livet mitt», skriv Jon i opninga av romanen som er forma som notatboka frå turen. Det handlar om tradisjonar og einsemd, aurefiske og spelekunst.
Debutromanen til Bjella har blitt nominert til P2-lyttaranes romanpris.
Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.