Hopp til innhold
Anmeldelse

Teaterstudentane jakta på gullet hjå publikum

Teaterstudentane byr på havfrue-sjørøvar-impro i Frognerparken denne sommaren. Det er verdt ein tur.

Clara Mølsted-Ylönen og Jonas Hoff Oftebro

FRISTANDE: Med ein hemmeleg draum om å bli bakar (ikkje ulik ein kjent figur frå Kardemomme by) er det vanskeleg å halde fingrane av kiste-fatet for to av piratane. Her: Clara Mølsted-Ylönen og Jonas Hoff Oftebro.

Foto: Arturo Tovar / Sommerteatret
Teater

«Den lille havfruen – fortalt av en gjeng pirater»

Teaterhøgskolens sommerteater

Frognerparken

19.juni – 24.juli

For 46. gong speler andreklasse ved Teaterhøgskolen i Oslo sommarteater i det store blå teltet like ved Monolitten i Vigelandsanlegget. Trass pandemi og smittevernavgrensingar vart det teater denne sommaren og.

Det er gode grunnar til å få med seg denne underlege sjørøvar-improen over H.C. Andersen si forteljing om den vesle havfrua.

Monica Dybwad og Eirik Jørgensen

PÅ LEIT: En og Tre er kamuflerte som sjørøvarar, men eigentlig er dei med på ferda for å finne ein bortkomen bror. På biletet: Monica Dybwad og Eirik Langås Jørgensen.

Foto: Arturo Tovar / Teaterhøgskolen

Den fine responsen

Teaterstudentar er undervegs i ei utdanning. Kor mykje erfaring dei har med å spele teater for barn, er truleg varierande. I år er Mats Eldøen regissør for andreklassingane. Eldøen er kunstnarleg leiar ved improteatret Det Andre Teatret i Oslo, og han har mellom anna skrive «Lesekorpset» og «Tellekorpset» for NRK Super.

Det han har fått til med andreklassingane i år, er ei framsyning som er på sitt aller finaste når ho tek opp i seg responsen frå barna. Og det gjer ho ofte.

Synnøve Fossum Eriksen

MYSTERIUM: Ein merkeleg passasjer (Synnøve Fossum Eriksen), ein slags forteljar, er og med på seilasen for å finne skatten. Kva vil ho, og kven er ho?

Foto: Arturo Tovar / Teaterhøgskolen

Pandemiavgrensingane gjer at skodespelarane kan nytte publikum som scenografi. Slik kan dei bli hindringar i vegen og kome med løysingar når skodespelarane ikkje veit kva dei skal gjere. Det fungerer godt, mellom anna fordi skodespelarane brukar innspela gjennom heile framsyninga. Barna sine forslag er meir enn berre blaff i historia, dei er sentrale.

Kva ein skal tru

Sjølve førestillinga følgjer ein sjørøvarmannskap på veg mot skatten. Alle om bord har ulike motiv for å finne skatten, og dei har ulike teoriar om kva kista dei finn, inneheld.

Resultatet er ei framsyning der undringa over kva ein skatt eigentleg er og kva som er viktigast: å leite eller å finne, får feste seg hjå publikum. Løysinga med ulike historier om kva skattkista inneheld, dei ulike alternativa til kva som kan vere i kista, alt ein kan tru på – nett dette opnar for samtalar om store og små viktige ting.

Eirik Langås Jørgensen, Ingrid Myhre Løvik og Fabian Heidelberg Lunde

UTFORDRINGAR: Kartlesing er ikkje for ferskingar. «Det er ein x på kartet, dei veit ikkje kor skatten er!» proklamerar undersåtten. Frå venstre: Eirik Langås Jørgensen, Ingrid Myhre Løvik og Fabian Heidelberg Lunde

Foto: Arturo Tovar / Sommerteatret

Fin øving i å møte barn

Å bruke improvisasjon slik dei gjer i «Den lille havfruen – fortalt av en gjeng pirater» er ei fin øving i å møte barn som publikum. Mellom anna i utprøving – kor langt kan ein skummel kaptein gå for å vere skremmande nok, men ikkje marerittvekkande?

Ganske langt, trur eg.

Og kva gjer ein når barna har meir på hjartet enn skodespelarane hadde forventa? Lar ein dei prate ut, eller må framsyninga halde fram? Det er her ein improvisator skal prøvast i møte med barn: Lyttar dei, eller berre let dei som?

Det er noko som kan utviklast vidare i spelet og i møtet med barna, kan hende og i sjølve forteljinga, men for denne gjengen med piratar må Sommerteatret vere ei fin praksisrekke i livets og teaterets skule.

«Den lille havfruen» er full av humor, slapstick og musikalitet. Tromme, trekkspel og orgel er fine ingrediensar, det same er neondetaljane og bruken av tyll i scenografi og kostyme. Det er ei historie med mange trådar, men ein går seg likevel ikkje vill i ho.

Sjørøverflagg

TYLL: Fine detaljar i scenografien, der tyll er gjennomgåande.

Foto: Arturo Tovar / Sommerteatret

Anbefalt vidare: